22. april 2015

Bjørkebokstavar

Boka har fine illustrasjonar av Tone Lileng
Eg har lese ei veldig fin og splitter ny bok, nemleg Hilde Myklebust si barnediktbok Bjørkebokstavar, om leik og utforsking, natur og dyr og venskap. Dette er hennar andre bok for barn. Ho har tidlegare gitt ut biletboka Jon og den lange julenatta og har i tillegg skrive to veldig fine diktsamlingar og ein roman for vaksne, som eg har anbefalt tidlegare. Her er eit dikt frå Bjørkebokstavar, som trefte meg ekstra sterkt.

Lammet mitt kjem til verda

Eg sit på fjøskrakken
og ventar
Sauen står og sturar i eit hjørne
Ho grev med klauva mot golvet
Magen hennar bular og bølgjar
Eg kan sjå at det lever der inne

Eg ventar og ventar
Ei vevkjerring rekk å spinne
eit halvt nett i vindauget
før far seier: No skjer det!
Sauen legg seg ned
og trykker ut ein blank pose
Der inne skimtar eg
to små klauver
og ein liten svart snute

Eg legg hendene
kring dei tynne beina
og hjelper lammet
ut i verda vår

Det trekkjer pusten
Det lagar ein tynn lyd

Far smiler til meg
Eg smiler tilbake
Så ser vi på lammet igjen
Vi berre veit at dette lammet
skal vere mitt

4 kommentarer:

aariho sa...

Så nydeleg! Eg får minner frå oppvekst på gard med ein liten saueflokk i fjøset. Og glede over lamma, som vi til og med tok med oss inn og opp i senga!

Aina Basso sa...

Det er jo ingenting som er så fint som eit lite lam!

rutta tøfte sa...

Slikt kan ein lett like meir av!

Aina Basso sa...

Kjøp og les!