16. juni 2012

Levande bøker

Finst framleis på biblioteket.
Forlag og media ser på bøker som ferskvarer. Etter ein liten sesong på nokre månader er som oftast media ferdig med å skrive og snakke om bøkene, og etter eit par år set forlaga ned prisen på restopplaget, fordi salet har stagnert. Slik kan vi bokelskarar gjere mange gode, nokså nye kupp på boksal både her og der. Seinast for eit par veker sidan plukka eg med meg ei av dei beste diktsamlingane frå 2009, Oldemor, du er med barn av Morten Wintervold, som var nedsett frå over to hundre kroner til eit halvt hundre. Eit kupp for meg, men dessverre lite i gevinst for forfattaren.

Men er bøker ferskvarer? Slik marknaden er i dag, er det nok slik. Det kjem ut ei uhorveleg mengd bøker jamt og trutt, både norske bøker og omsette. Det blir trongt om plassen i bokhandelhyllene og det 'gamle' frå førre sesong må vike plassen for det rykande ferske. Men i biblioteka og ute i medvitet til folk kan bøkene leve lenge. Om eg vil lese Solaris korrigert av Øyvind Rimbereid om att, ei diktbok som kom i 2004, får eg ikkje tak i henne i vanleg handel, men biblioteket har eksemplar å låne meg. Litteraturen forsvinn ikkje berre fordi det går nokre år.

Ein kan også sjå det i bokbloggane på nettet, der bøker som er både eit og to og tjue år gamle brått kan få nytt liv og fare som ein farsott gjennom bloggverda. Også andre nettstader kan plukke opp bøker ei god stund etter at både forlag og media har slutta å halde liv i samtalen om dei. Eit døme er den fine romanen Glødepunkt av min gode kollega Hilde Myklebust, som i går fekk ein fin omtale på Nynorskbok.no, snart eit år etter at boka kom ut. Eg vil nytte høvet til å tilrå boka sjølv. Eg elskar også denne boka.

Dette innlegget er også publisert i Samlagsbloggen.

Ingen kommentarer: