18. juni 2012

Måsane

Krykkjene hekkar i Vardø
«Jeg hater måker,» syng Odd Børretzen. «Jeg ville ikke hatt en måke om du ga meg en!»

Måsar er ein fuglesort dei fleste kjenner. Dei er mellomstore fuglar i vade– , måse–  og alkefuglordenen og dei fleste lever ved kyst og hav, spreidd utover heile verda.

Måsefamilien har 11 slekter med til saman 52 artar, og varierer nokså mykje i storleik. Dei har fått det latinske namnet Laridae og der eg kjem frå kjenner vi best den vesle, fine fiskemåsen, den store svartbaken med rovfuglauga, og den litt mindre gråmåsen som i likskap med svartbaken har raud flekk på det gule, krumma nebbet. Dei største måseartane kan leve lenge. Den eldste gråmåsen eg har lese om blei 49 år gammal, og dei seiest at måsar lever i monogame parforhold livet ut.
            Måsar har eit kaklande skrik, dei hekkar i store, støyande koloniar og et det meste dei kjem over. Dei fleste sortane er predatorar i fuglefjell, som gjerne et åtsel og levande føde om dei får høvet. Dei forsyner seg godt av fiskeslo, plastkanner og det dei måtte finne på søppelfyllingar og slengt utanfor gatekjøken. Dei største sortane kan også prøve seg på grillmat og kattungar. Ein kan kanskje seie at måsen er ein ekte «survivor». Måsen har spisse olbogar, han veit kva han vil ha, og han er ikkje redd for å flyge og ta det.

Eg likte Odd Børretzen på den tida «Jeg hater måker» kom. Men sjølv om eg likte måsesongen, kunne eg ikkje heilt vere med på han. Sjølv har eg jo alltid likt måsar. Kva er det å ikkje like? Måsar er der berre. Eit naturleg innslag i naturen, kvardagen og livet, like naturleg som sol og vind og regn. Om eg kika ut vindauget på Giske var det alltid måsar ein stad. Måsar som sat i rekke på løetaket eller på lyktestolpane nede på kaia. Måsar som flaksa i tette flokkar etter fiskebåtar på veg mot land, som kaklande varsel om fangst, og måsar som vekte meg med eit helsikes leven ein laurdagsmorgon mamma hadde hive noko gammalt brød ut på marka bak huset.

I Ålesund var det før i tida eit stort fuglefjell midt i byen. Det var vekke før mi tid. Fjellet blei sprengt vekk fordi folk var leie av å få fugleskit i håret, og for å gjere plass til det usannsynleg stygge rådhuset dei bygde der i staden. Det var mest måsar på fjellet. Hadde det vore lundefugl hadde vel fjellet stått enno.            
Måsar er kanskje ein av dei fuglesortane folk elskar høgst å hate. Og kanskje er måsane ubehøvla i sjølve sin natur, der dei sit på løetaket medan vi grillar på verandaen, og så snart vi går inn berre nokre sekund for å hente tørkerullen, stuper ned og forsyner seg grovt av grillmaten.
             Men eg har sett ein måse i estetisk luftleik med ei skjor; ei venskapleg jakt i vide sirklar og mjuke stup. Eg har kome heim, etter å ha vore vekke lenge, og høyrt måsane skrike kjærleg over sjøen. Måsane er sjølve lydsporet til havet. Kan du tenke deg ein kyst utan måseskrik?

Utover Varangerfjorden mellom Vadsø og Vardø sit store måseflokkar utover fjøresteinar og sandstrender, nesten urørt av folk. I Vardø er noko av det vakraste dei mange, kvite krykkjene som har reir på husveggene ved Vestervågen, som sit der og søv med hovudet under vengen.
Eg er ikkje som Odd Børretzen. Eg elskar måsar.

Spalte i Nationen, laurdag 16. juni 2012. Foto: privat.

1 kommentar:

Gråbekka`s Blogger sa...

Flott lesning om måser:) Liker måser jeg også, bare ikke nå i hekke tida der de svaler ned mot hode ditt....ikke likanes!:) Mer skremmanes :) Men ellers er de et vakkert syn på kysten:)