23. mai 2012

Skrivekurs

I 2007, etter å ha skrive på ulike tekstar i mange år, hadde eg endeleg funne ein idé eg trudde det kunne bli noko av. Eg hadde byrja på eit manus der eg tok utgangspunkt i ei av historiene eg hadde kome over under arbeidet med masteroppgåva mi i historie, som handla om blodskam på 1700-talet.

Eg har aldri unnt meg sjølv å gå på noko forfattarutdanning, sjølv om eg alltid har hatt ein draum om Skrivekunstakademiet i Bergen. Tida gjekk, studielånet auka og eg fann aldri motet til å søke og deretter eventuelt flytte heilt åleine til Bergen, rive meg sjølv opp med rota.

Men i 2007 fekk eg råd frå ei forfattarveninne om å søke på sommarkurset som Skrivekunstakademiet hadde på Åsane folkehøgskule. Eg fekk plass og desse sommardagane blei eit vendepunkt. Den same hausten blei manuset mitt antatt og eit år seinare kom min først roman ut, og fekk tittelen Ingen må vite.

Eg skriv dette for å reklamere litt for årets sommarkurs. Kanskje har du ikkje kome så langt på manuset ditt at det vil ha så magiske konsekvensar for deg å gå der, men forhåpentlegvis vil det føre deg lenger på veg. Uansett er det godt å ta seg tid til å fokusere berre på skriving i fire heile sommardagar. Og i år er det i hjartet av Bergen, ein av dei aller finaste byane i landet.

Les meir om sommarkurset HER.

2 kommentarer:

Nina C. sa...

Virker kjempe flott dette skrivekurset:) Driver å prøve og få skrevet noe selv,men har stoppet opp litt.

SV;hehe,beklager så mye Aina! Ble nok en skrivefeil jeg ikke har merket!:) Skal rette på det med én gang! Har "Inn i elden" i bok hylla mi og gleder meg til å ta fatt på den:)

Aina sa...

Du får ha lykke til med vidare skriving - og lesing! Håper du liker boka.