1. mai 2012

Naboar

Pernille
Eg hugsar den våren Kitty fekk kattungar. Fødestova var ei kasse i uthuset til Gulla og Johan. Eg hugsar lukta der inne, lukta frå kassa, litt skarp, og dei kravlande nyfødde, som søkte blindt mot mor si. Eg var ni år den våren. Ein tynn, liten niåring med bolleklipp og vide klede. Kvar jul og bursdag stod ”katt” øvst på ønskelista.

Gulla og Johan var to av dei næraste naboane våre. Dei budde i eit kvitt hus som ligg rett over bakken frå tunet vårt, akkurat der vegen svingar. I nabolaget på Giske gjekk vi inn og ut av husa til kvarandre. Eg gjorde iallfall det, sjølv om det ikkje var mange ungar på min alder. Eg ringde på hos dei som hadde ringeklokke, hos dei andre gjekk eg inn i gangen og banka på kjøkendøra, slik skikken var. Folk låste ikkje dørene sine om natta ein gong, ikkje før etter at brua blei opna og folk byrja frykta at allslags rask skulle finne vegen ut på den tidlegare så fredelege og isolerte øya.

Eg kjende meg velkomen i alle hus. Eg fekk heimebaka brødskiver med heimelaga syltetøy, kokt av bær frå eigne buskar, og overalt fekk eg kome inn og vere ei stund. Aller mest var eg hos Jorunn og Jonas, som var naboar på den eine sida, og Gulla og Johan som budde på den andre. Dei hadde alle vaksne barn som hadde flytta ut for lengst.
Gulla henta ned rare, gamle barbiedokker som eg fekk leike med. Då eg byrja lære meg å spele piano og enno ikkje hadde instrument, fekk eg øve på orgelet i stova deira. Og då kattungane blei større, fekk eg ta dei med inn i kjøkenet og leike med dei under benken. Eg fekk endåtil låne dei med meg heim og inn på rommet mitt.

Eg fekk den eine kattungen til Kitty då han blei større. Han var blitt ein halvvill halvtåring innan den tid, som streifa fritt ute, men roa seg inne og lét seg klappe. Eg kalla han Pus og blei frykteleg glad i han.
Han er borte no, slik kattar blir, det er lenge sidan sist eg hadde katt. Det er lenge sidan eg hadde slike gode naboar, også. Etter at eg flytta til byen har eg ikkje blitt kjent med dei eg bur ved sida av. Nokre veit eg knapt korleis ser ut. Kjennskapen min til dei fleste naboane avgrensar seg til dei få lydane som klarer å trenge gjennom vegger og golv: ei skyvedør som blir opna, eit radioprogram som står på litt for høgt, ein klukkande latter om kvelden.
Utanom dei to dagane i året vi har dugnad, snakkar eg knapt med dei andre som bur i huset. Eg kjenner ikkje dei og dei kjenner ikkje meg. Dei fleste nikkar når vi møtest i gangen, men nokre gjer ikkje det ein gong. Ingen har namneskilt på dørene. Vi bur i lange, anonyme korridorar nesten utan lyd. Om det bankar på døra blir eg nervøs. Eg er blitt nabosky av heile greia. Likevel tek eg meg i å sakne den gamle nabofellesskapen. Saknar å vite kven alle er, veksle nokre ord ved postkassestativet, saknar at folk veit kven eg er og kor eg høyrer til.
            
Ein morgon då eg kjem ut i korridoren står det ein langhåra katt i gangen og kikar på meg. Han står der berre ein augneblink før eigaren kjem ut av si dør og hentar han inn att, smiler fort til meg. Brått kjennest det litt meir heimleg i huset. Det bur ein katt i etasjen min. Det finst mange slags naboar. Kanskje eg kan bli kjend med denne, som ei byrjing? 

Laurdagsspalte i Nationen, 21. april 2012

2 kommentarer:

Kari Folvik sa...

Veldig fint skrive! Men det går an å bli kjent med naboar i ei blokk og. Der eg bur tar vi inn avisa for kvarandre, planatar utafor inngangen og avtalar vatning etc.

Aina Basso sa...

Ja, det går nok an. Kanskje særleg der det bur fleire større hushaldningar og familiar. Og det er jo veldig hyggeleg.