21. april 2012

Biletet

Jan Van Eyck: Arnolfini-portrettet (1434)
Nokre gonger, når ein liker ei bok skikkeleg godt, vil ein ikkje at boka skal slutte. Og nokre bøker, som ein liker veldig godt, får ein ikkje til å lese sakte nok, ein får dei ikkje til å vare. I staden les ein boka altfor fort, og sit att med noko som liknar sorg når ho er ferdig. Eg har det av og til slik med bøker. Det er dei bøkene som sit att i meg lenge etterpå, dei bøkene som lagar eit avtrykk i meg, som eg er takksam for at eg har funne. Og som eg gjerne les om att. Og om att.

Eit av dei finaste komplimenta ein forfattar kan få er ein lesar som seier: "Boka di slutta for fort! Eg ville ho skulle vare mykje lenger!"
Eg blir glad når nokon seier det til meg. Eller når lesaren seier: "Eg vil vite kva som skjer etterpå! Kan du ikkje skrive ei bok til?"

Eg såg nyleg eit intervju med Kjell Askildsen på Youtube, der han snakkar om akkurat dette. Han samanliknar det å skrive ei novelle med ein målar som målar eit bilete. Når målaren ser at det ikkje er meir som skal til i biletet, at biletet er ferdig, då sluttar han å måle. Slik er det også å skrive.

"Jeg håper at når en av mine noveller er lest ville leserne ønsket at den var lenger enn den blir, men jeg håper og tror at den ikke skal være lenger enn det jeg gjør den til," seier Askildsen i intervjuet.

Slik er det også med romanar. Når biletet er ferdig, er det ferdig.

Innlegget er også publisert i Samlagsbloggen.

2 kommentarer:

GRØNN FRYD HOS MONIQUE - sa...

Gratulerer med kjempeflott omtale hos NRK, Aina!
http://www.nrk.no/nyheter/kultur/litteratur/1.8078030

Aina sa...

Tusen takk! Stas å få god melding i NRK.