31. mars 2012

regnet skriv dyvåte brev på urene

Jóanes Nielsen les Hugo er død
Eg blei kjent med ein - for meg - ny forfattar då eg var i Kirkenes, på Finnmark internasjonale litteraturfestival: færøyiske Jóanes Nielsen. Vi las begge opp på opningsførestellinga, og det han las gjorde djupt inntrykk både på meg og andre i salen.

Jóanes Nielsen vart fødd i Tórshavn i 1953 og debuterte som forfattar i 1978. Han har gitt ut både diktsamlingar, romanar, skodespel, noveller og essaysamlingar og er svært omtykt heime på Færøyane. Lars Moa har gjendikta fire av diktsamlingane hans og ein av romanane til norsk, og eg har vore så heldig å få bytt til meg alle fem bøkene frå han.

Det første eg gjorde då eg fekk bokpakken, var å slå opp i Bruer av svoltne ord og finne diktet som gjorde slikt inntrykk på meg i Kirkenes, Hugo er død. Det greip meg igjen:


Hugo er død

Den kvelden Hugo dødde
Stod lysbøyane på Nordhavet æresvakt
Det var også rimeleg
At ekkolodda sendte bodskapen ned i tareskogane
Havets sydande vegar
Tok den tomme køya på slep
For fullmånen stod det klart
Hugo er død
Havhestane førte bodskapen vidare
Bort til Su∂urlandi∂ og til Flemmish Cap
Hugo er død
Lydde ekkoet mellom isfjella
Han har vorti til tåke
Rundt sløkte stjerner


Og så var han på sauesanking
Den siste dagen han levde
Heilt der oppe kor tåka rører lett ved fjellkløveren
Det færøyiske stridlynnet flekker tenner
Og regnet skriv dyvåte brev på urene
Der stoppa hjartet i mannen som sleit sin ungdom og
                                                       manndom på kjøl

I ein presenning
Bar dei han heim
Skjelsand vart strødd utanfor uthusa
Den dagen
Kjærleikens dyner vart lufta ut gjennom vindauga
Den dagen
Barn trædde daude fluger på ein tråd
Eit svart perleband til erkeengelen Mikael
Dei tok mål av Hugo
Det som ikkje rømtest i kista
Angen av eit kortvarig liv
Dreiv gjennom skolestuene, nausta og hjarta i Sundalag
Den dagen


Vi bygger Færøyane på bølgjene
Vi driv på kjenslene sitt hav
Alt begynte i havet
Livmora er eigentleg eit bitte lite hav
Derifrå sett ørsmå båtar kledde med hud
Og med dunka til ein liten hjartemotor
Kursen ut i verda
Hugo sin plass vart attmed linespelet
Nede i lasterommet
I storm bak på båtdekket
Var han ein mann å stole på
Sleit med brystet fullt av tobakkshoste
Var som eit nikotinorgel
Bles harde salmar ut frå belgen
Også stillfarande salmar
Og den slags salmar som gjer ein stille av sorg
Ein salme for kona
Og alt det skrøpelege som gikk sundt
Ein salme for skrotet som flaut opp på land
Og tok til å gå ut i verda med capsen på snei
Ein salme for Erlendur Patursson sine folk
Dei som fekk Fiskarlaget sine roser til å sprette
                                                                 gjennom stilla


Ein salme for gebisset
Reparert med ståltråd på Nanortalik-banken
Ein salme for latteren
Stampar fulle av skinande perler
Ein salme for brusken som vart til mjøl mellom ledda
Timane som vart til dagar som vart til år som vart til
                                                  altfor gamle rutetider

Hugo er død
Og skal eg vere ærleg
Trur eg ikkje at han klarer seg blant englane
Til det var armar og rygg altfor utslitne
Hugo sin himmel
Er fiskarane sin himmel
Dei lever vidare på brottsjøane
Tåka kring sløkte stjerner
I strålekransen
Frå ein lysbøye på Nordhavet


Eg kjenner slektskap til dette diktet, til verda som skrivast fram. Til fiskaren ved linespelet, brottsjøar, tareskogar, tåka som driv kring sløkte stjerner. Eg kjenner slektskap til Færøyane, sjølv om eg aldri har vore der. Til landskapet, til plasseringa i havet, til språket; ikkje minst til språket.

Under festivalen tok eg opp ein film av dårleg kvalitet og med ustø kameraføring, der Lars Moa først les eit dikt han har gjendikta til norsk, før Jóanes Nielsen les det same diktet på færøyisk. For eit vakkert språk, for eit forståeleg språk, og likevel så framandt. Diktet heiter Eg vil ha ordentlege drømmar og er frå Sting som kom på norsk i 2003.


Untitled from Aina on Vimeo.

5 kommentarer:

HPL sa...

Hei Aina!
Jeg veit ikke om du er klar over det, men den færøyske filmskaperen Katrin Ottarsdóttir har laget en dokumentarfilm om Jóanes Nielsen; "Sporini vaksa úr ordum" ("Sporene gror ud av ord"). Den har jeg.
Jeg har ikke fått sett den ennå, men du kan godt få låne den av meg når jeg har gjort det.
Bare si ifra!

Ingelin sa...

Du har rett færøysk er vakkert, og så begripelig og ubegripelig. Så innan rekkevidde at eg gjerne vil lesa dikta på originalspråket.
Fin liten videosnutt:-)

Aina Basso sa...

Takk for tilbodet, Hans Petter! Då veit eg kven eg skal spørje om filmen!

Ingelin: Eg fekk også lyst til det same. Og til å reise til Færøyane og lære meg færøyisk!

HPL sa...

Og nå er den sett, og den var veldig interessant (og morsom).
Hvis du skulle være interessert i å låne den, kan du bare sende meg en melding på fb.

Aina Basso sa...

Det skal eg gjere!