11. mai 2012

Boksaren

Beate Grimsrud, Alberte Clement Meldal og Anna Hallberg
"Korfor spør du ikkje Anna om det ho har skrive er sjølvbiografisk?!"
"Men er det sjølvbiografisk?"
"Nei!"

Omlag slik gjekk ein liten del av samtalen då Beate Grimsrud og Anna Hallberg blei intervjua av den danske tv-journalisten Alberte Clement Meldal under Finnmark internasjonale litteraturfestival i byrjinga av mars i år. Boka Beate Grimsrud snakka om og las frå var den kritikarroste En dåre fri, som handlar om forfattaren Eli, som har fire gutestemmer i hovudet: Espen "jeg fant, jeg fant", som græt når vatnet renn, den tøffe Erik som vil sparke og slå, skøyaren Emil og den elegante Prins Eugen, som elskar det vakre.

Eli har skrive bøker og laga filmar med dei same titlane som Beate Grimsrud sine, og i mottakinga av boka er det nærast blitt slått fast som eit faktum at innhaldet i romanen er sjølvbiografisk. Sjølv nekta altså Beate Grimsrud for dette under festivalen i Kirkenes, og om romanen er eller ikkje er basert på henne sjølv og hennar eige liv er irrelevant. Boka er sterk, skakande, full av humor og ikkje det spor sjølvmedlidande eller sentimental. Det er ei beretning om eit tidvis vanskeleg liv, konstant på vippepunktet mellom svakt og sterkt, friskt og sjukt, sjølvkontroll og audmjuking, å bli forstått og å ikkje bli det. Det er eit svært truverdig innsyn i ei verd mange av oss heldigvis slepper å ha intim kjennskap til; eit liv inn og ut av lukka avdeling, eit liv med redsle, forvirring, men også med styrke, med ei sterk skapande kraft, nære venskap, kjærleik og glede.

Det er sterk lesing, det er uhyre interessant lesing, det er lærerik lesing. Og det er overraskande lett. Særleg frå midten av boka flyg sidene av garde, eg vil ikkje latehenne att, eg vil ikkje slutte å lese. Eg har endå nokre sider igjen, eg trur dei flyg vekk i løpet av helga.

Boka er spekka av gode "oneliners", som til dømes denne, som var den første setninga Grimsrud las i Kirkenes:

"Hun er vakker, omtrent som meg, men på henne syns det mye bedre."

Ingen kommentarer: