13. mai 2012

Ut til folket!

Noko har skjedd.
Noko langsamt og vilja, noko mange har jobba godt og lenge for, bak kulissene og i det opne, og no er eg ei av dei som får hauste fruktene.

Då eg debuterte i 2008, med ungdomsromanen Ingen må vite, fekk eg ikkje vere saman med dei andre debutantane den hausten. Eg fekk ikkje vere med på Aftenposten sin debutantpresentasjon, eg fekk ikkje vere med på debutantseminaret på Norsk Litteraturfestival på Lillehammer året etter. Eg var ikkje ein skikkeleg debutant, for eg hadde ikkje skrive ei skikkeleg eller viktig bok.
Slik føltest det.

Det var mange små nederlag det komande året. Medan dei andre debutantane fekk vere med på Forfattarsleppet i Bergen, på spennande festivalar og blei intervjua og meldt i store aviser, var eg nærast usynleg. Men ikkje heilt. For eg var ei av dei heldige. Medan dei fleste barne- og ungdomsbøker i gjennomsnitt fekk ei bokmelding, fekk eg mange fleire, både i regionale aviser, i ei av riksavisene og på utallige bokbloggar.

Då eg to år seinare gav ut min første vaksenroman, Fange 59. Taterpige, blei eg lansert som debutant på ny, som vaksenbokdebutant denne gongen. Ei heilt ny verd opna seg. Plutseleg fekk eg vere med på både det eine og det andre, både debutantpresentasjonar, festivalar og alt som var gøy. Og eg blei meldt i dei store avisene.

Då eg skulle gi ut den hittil siste boka mi, ungdomsromanen Inn i elden, hadde eg ingen forventningar. Ei tredjebok, som ikkje ein gong er ei vaksenbok, er det ingen stor blest rundt. Det veit jo alle. Eg var førebudd på at det ville bli lite oppstuss, lite merksemd, få meldingar og invitasjonar.

Men noko har skjedd.
Nokon har arbeidd for barne- og ungdomslitteraturen. Media har fått eigne barne- og ungdomsbokmeldarar som faktisk får spalteplass. Dei har laga rom for barne- og ungdomslitteraturen både i avisene og i NRK radio. Det blir satsa på utdanning innanfor sakprosaskriving for barn og unge, og på studium i scenekunst. Det er endåtil varsla ein eigen nordisk litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur, på linje med Nordisk Råds litteraturpris. Og årets spesielle Bragepris-kategori er vigd til nettopp ungdomsboka.

Noko har skjedd, og eg er ei av dei som får hauste fruktene. Måtte det gode arbeidet og den gode utviklinga fortsetje! Barne- og ungdomslitteraturen ut til folket! Det er ikkje berre vaksenlitteraturen det er interessant å lese eller høyre om. Vi har born og ungdommar i dette landet også, og dei kjøper ikkje bøkene sine sjølve.

Innlegget er også publisert i Samlagsbloggen.

2 kommentarer:

Gråbekka`s Blogger sa...

Har akkurat lest "Ingen må vite" og jeg kan ikke vente med å kaste meg over de andre to bøkene dine:) Takk for at du skriver så flotte bøker:) Fortjener en masse oppmerksomhet for de:) Ha en flott kveld:)

Aina Basso sa...

Tusen takk for det! Det var veldig kjekt å lese.