ROMAN
Anne Lise Marstrand-Jørgensen
Hildegard
Omsett av Erik Ringen
Forlaget Press 2011, 428 sider
Seig roman om «Rhinens sibylle»
Den tyske nonna Hildegard av Bingen (1098-1179) var 1100-talets mest berømte og internasjonalt anerkjende kvinne. At romanen Hildegard er den første av to romanar om henne, er det underleg at forlaget vel å ikkje opplyse om. Då eg tilfeldigvis oppdaga dette på slutten av lesinga forstod eg endeleg korfor forfattaren har valt å avslutte historia rett før dei spennande tinga omsider byrjar å skje.
Hildegard av Bingen blei som åtteåring donert til klosteret Disibodenberg av sine adelege foreldre, og etter å ha levd der som benediktinarnonne i meir enn førti år blei ho i 1150 abbedisse for sitt eige kloster ved Rhinens breidd. Denne romanen sluttar derimot i 1148, to år før virket hennar tek til for fullt.
«Rhinens sibylle» var komponist og medisinar, mystikar, sjåar og diktar. I staden for giftarmål og eit kortvarig liv med utallige barnefødslar, fekk Hildegard av Bingen eit langt liv i klosteret, der ho kunne vie seg til studium av teologi, medisin, botanikk, naturhistorie og komposisjon. Ho skreiv viktige verk, det mest kjende er Scivias (Kjenn vegen), som fortel om dei guddommelege syna ho skal ha hatt heilt frå ho var eit lite barn.
Hildegard av Bingen var vida kjend i samtida. Ho blei konsultert av bispar, pavar og kongar, og folk valfarta til henne i klosteret for å søke heiling og frelse. Ho blei aldri offisielt kanonisert, men blei likevel omtala som St. Hildegard eller Den heilage Hildegard av Bingen. Interessa rundt henne blomstra opp att med kvinne- og kjønnsforskinga på 1970 og -80-talet.
Anne Lise Marstrand-Jørgensen har tidlegare gitt ut både romanar og diktsamlingar og tek poesien med seg inn i romanskrivinga. Ho skriv ein langsam, poetisk prosa med låg framdrift, mange skildringar og lite dramatikk.
I første delen av boka, som tek for seg barndomen til Hildegard, lid forteljinga under mengda av skildringar. Metaforane kjem tett, dei poetiske passasjane er lange og bileta mange, men saknar dei sterke og presise observasjonane som opnar romanuniverset og menneska for auga dine, og hjartet. Desse første 200 sidene kunne med hell vore skore ned til det halve utan at det gjekk på kostnad av innhaldet. Eg har ingenting imot langsame romanar, men då må språket vere sterkt nok til å drive teksten.
Romanens andre del, om klosterlivet, har meir driv og vi kjem nærare innpå hovudpersonen, som endeleg får vere eineforteljar. Her finst også nokre fine poetiske passasjar, som skildringa av korleis det er å kome inn i klosteret for første gong:
Det er Herrens grotte, opplyst av ild, varmet av menneskekropper, som reiser seg som om de skulle vært et sammensydd, raslende stoff, et stort og støyende åndedrett. Kirken er et mørkt dyr som reiser bust i skumringen, lar sitt glødende indre lyse gjennom mange små øyne.
Sjølv om Marstrand-Jørgensen har skrive ein tidvis langdryg roman, skal ho ha ros for den saumlause måten ho har fletta dei historiske markørane inn i teksten på. Om denne romanen har gjort noko, er det å minne meg på Hildegard av Bingen, gi meg lyst til å gå til kjeldene, lese meir om denne fascinerande kvinna og lytte til musikken hennar. Så vil det vise seg om interessa strekk seg langt nok til at eg også les Hildegard II.
Bokmeldinga var opphavleg publisert i Klassekampen Bokmagasinet 28. januar 2012
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar