4. februar 2012

Den feige sjangeren?

Er dette ein historisk roman?
Kva er ein historisk roman?

Det verkar kanskje som eit dumt spørsmål å stille, for svaret synast innlysande: Ein historisk roman er ein roman med handling frå ei anna tid enn den forfattaren lever i, ofte basert på verkelege hendingar eller personar.

Utifrå denne enkle definisjonen kunne Andvake (2007) av Jon Fosse vere ein historisk roman: forteljinga føregår i «Bjørgvin», eit velkjent historisk namn på Bergen, og har mange markørar som fortel oss at handlinga føregår i ei anna tid enn vår eiga. Korfor er den så likevel ikkje det? Jau, fordi tida ikkje blir spesifisert eller handlinga plassert inn i ein konkretisert historisk kontekst, forteljinga er snarare av ein mytisk enn av ein historisk art. Og fordi det er eit medvite val frå forfattarens side at den ikkje skal vere det.

Løvehjerte, fjorårets roman av Thorvald Steen, er derimot ein klar og sjølverklært historisk roman som tek føre seg kong Rikard I av England, betre kjend som Rikard Løvehjerte, og hans krosstog mot Jerusalem og fienden Saladin i den siste halvdelen av 1100-talet. Steen har òg tidlegare teke føre seg kjende personar frå historia i romanen Konstantinopel (1999) som skildrar Sigurd Jorsalfares reise til Jerusalem og Konstantinopel på byrjinga av det 12. hundreåret.

Den store historia

Store namn og hendingar er ikkje ein uvanleg tematikk for historisk fiksjon, og fleire enn Steen har teke føre seg krosstoga og møtet mellom vestleg og austleg kultur i riddartida. Arn-bøkene til Jan Guillou er velkjende, i tillegg har vi barnebokserien Korsfarerne av Steffen R. M. Sørum, samt ei rekkje romanar av diverse internasjonale forfattarar. Det ser ut til at dei som skriv historiske romanar har ein forkjærleik for avgjerande periodar og store hendingar i historia, anten det gjeld «kongar og krigar» eller viktige intellektuelle og store kunstariske personlegdomar frå fortida.

«Ofte gir den historiske romanen et bilde av en hel tidsepoke og et samfunnsmiljø gjennom skikkelsene den holder frem. Derfor er politiske brytningstider kjærkomment materiale for forfattere av historiske romaner. I Norge skriver man ofte om vikingtid og middelalder. I England er 15- og 1800-tallet overrepresentert, mens Frankrike har både opplysningstid, revolusjon og Napoleonskriger som sikre epoker. Ofte tenker vi en velutviklet kildegransking og detaljkunnskap, når vi snakker om historiske romaner. Ofte mener vi at bøkene i tillegg skal ha noe å si oss om vår egen samtid. Men oftest er vi kanskje på jakt etter ”eventyr”, fortellinger om virkelige, banebrytende skikkelser som var betydningsfulle i sin tid, og som blir forstørret og dramatisert i etterpåklokskapens lys?»

Dette skriv NRK-kritikar Anne Cathrine Straume i NRK sin bokblogg i innlegget «Hvor er den historiske romanen?». Det kan synast som den historiske romanen framleis lyttar til den snart hundre år gamle definisjonen marxisten Georg Lukács presenterte i Der historische Roman frå 1937: Den historiske romanen skal skildre samfunnet som totalitet ved å framstille skikkelsar og lagnadar som er historisk motiverte og representantar for historias drivkrefter, snarare enn spesielle einskildindivid. Den store historiske romankunsten skal gi eit sant og heilskapleg bilete av drivkreftene bak samfunnet og historia.

Temavala og perspektiva som er valde i særs mange historiske romanar er nettopp store, avgjerande og viktige. Emna er populære og mykje brukte òg innanfor den faglege historia. Dei byr på spennande, ofte dramatiske historie og det er skrive mykje faglitteratur om dei.

Mange lesarar set pris på «den store historiske romanen». Bøkene fyller sjangerforventningane og gir både lærdom, eventyr, spenning og kjærleikshistorier. Men er det framleis interessant å skrive slike historiske romanar?

Dei gløymte folka

Som historikar, men òg som forfattar, tilhøyrer eg nok snarare ei mikrohistorisk retning enn det programmet som blei skildra av marxisten Lukács og på mange vis vidareført inn i den moderne historiske romanen. Kort fortalt går den mikrohistoriske metoden ut på å desentrere blikket og bruke det marginale for å kaste lys over det normale. Mikrohistoria nyttar ofte rettskjelder, inkvisisjonsrapportar, fangeprotokollar og liknande, og den mikrohistoriske metoden er ei tett skildring av sosiale handlingar og ei tolking av den sosiale diskursen handlingane inngår i. Ambisjonen er å krinse inn sjølve livet og skrive dei gløymte folka inn i historia. Mikrohistorie er òg ein kritikk av makrohistoria sin strukturanalyse, dei store individa si historie og reduksjonen av einskildindivid til statistiske tilfelle.

Det ser for meg ut som om det er ein makrohistorisk tendens innanfor den historiske romanen, ikkje berre i Noreg, men òg utanfor våre landegrenser. Det handlar om dei store tinga. Viktige hendingar, store personlegdomar, store lerret. Men finst det unnatak? Sjølvsagt gjer det. Mellom andre Britt Karin Larsen har gjennom fleire romanprosjekt gitt stemme til dei minste og fattigaste i samfunnet, dei som er annleis, utstøytte. På nittitalet kom De som ser etter tegn (1997), De usynliges by (1998) og Sangen om løpende hester (1999), som saman formar ein trilogi om romanifolket i Noreg framover 1900-talet, og dei siste åra har ho gått inn i historia til finnane på Finnskogen i bøkene Det vokser et tre i Mostamägg (2008) og Himmelbjørnens skog (2010).

«Ein feig måte å skrive på»

Men kva så med dei romanane som ikkje definerer seg som historiske romanar og som heller ikkje definerast slik av forlag eller kritikarar, trass i at dei skildrar tidlegare tider og verkelege historiske personar?

Lat oss først ta Melancholia I-II (1995-1996) av Jon Fosse, romanane om den norske målaren Lars Hertervig (1830-1902), som blei innlagt på sinnssjukeasyl diagnostisert med «melankolia». Eg har ikkje sett desse romanane omtala som historiske romanar. Forklaringa ligg truleg i det Fosse sjølv uttala i eit intervju med Kjersti Vevstad i Bøygen 3/1997:

«Sjølv har eg alltid mislikt sterkt bøker som blandar faksjon og fiksjon. Det er ein feig måte å skrive på. Eg synest kunst er kunst, og faksjon er faksjon. […] Då eg bestemte meg for å skrive om Lars Hertervig, trass i all min tvil, så ville eg skrive ein roman som tok utgangspunkt i det ein kan kalle nokre mytar om livet hans, mytar som i ein viss forstand berører fakta, eg skrive fram mi tolking av dei mytane og dei få fakta ein har om han.»

Fosse fortel i intervjuet at han har vore fascinert av målaren Hertervig sidan han var nokså liten og har lese det han har kome over om han, men at han har teke seg dei fridomar han har ønskt i bøkene. Til dømes har han dikta opp ei søster til målaren:

«Oline som er hovudpersonen i Melancholia II, er ei fiktiv søster av Lars. Eg har vridd på noko, forandra fleire ting. Eg samla mykje stoff, historiske data, eg merka at eg ville plotte inn ein heil del av det. Men kva var vitsen? Eg skriv jo litteratur, og då er det ikkje vits i å vise ein heil del data. Eg kutta ut det meste, strauk alt eg kunne. Slik at eg sat igjen med nokre ytre fakta.»

Desse romanane er altså ikkje tru mot biografien til den dei omhandlar og kan ikkje definerast verken som historiske eller biografiske romanar. Korfor har Fosse valt å skrive om ein person som verkeleg har levd når han ikkje vil skildre det verkelege livet hans? Hadde det vore «feigt» å vere tru mot Hertervig sin biografi, så langt vi kjenner han?

Eit anna døme er den vesle romanen Skugga-Baldur (2003) av den islandske forfattaren Sjón, som blei tildelt Nordisk Råds litteraturpris i 2005. I sentrum av forteljinga står den unge jenta Abba, som har Down syndrom og blir funnen på eit skip i Reykjavik i 1868, den unge naturvitskapsmannen Friđrik B. Friđjónsson som forbarmar seg over henne, og presten Baldur Skuggason som misliker åndssvake fordi dei forstyrrar messa. Korfor blir ikkje dette kalla ein historisk roman?

Som Fosses Melancholia I-II er òg dette ein utprega litterær roman, der kunsten så å seie får meir vekt enn «faksjonen», for å bruke Fosses omgrep. Språkleg ligg Skugga-Baldur ein stad mellom prosa og poesi og blandar òg inn andre stilartar, både frå romantisk forteljarkunst og islandske folkesegner. Men kor tru er denne romanen mot det historiske faktastoffet? Det verkar truverdig nok ved første augekast, samtidig finst der element av det surrealistiske og utrulege i romanen, som bryt med illusjonen om sanning som ein kanskje treng i dei historiske romanane?

Kanskje er desse romanane for fabulerande, for lite tru mot kjelder og historiske fakta til å høyre heime i sjangeren historisk roman, men anar ein òg ein kunstnarisk motvilje mot å gå inn i sjangeren fordi han har ein lågare litterær status enn andre romanar? Fosse sjølv seier det slik: «Om den boka har ein legitimitet, så er det fordi ho er litteratur, eller kunst då. Det er kunstkvaliteten som gjeld, ikkje faktakvaliteten altså.»

Aldri kunst? 

Det finst ei haldning innanfor delar av samtidslitteraturen om at ein skal bryte med det historisk korrekte dersom ein skal skrive om ei anna tid enn si eiga: ein skal innføre brot med tida eller menneska ein skildrar, ein skal gjere metarefleksjonar kring forfattarens rolle som mellomledd mellom røynd og fiksjon, ein skal ikkje ta det å presentere noko frå historia så høgtidleg: det er jo litteratur vi held på med, det er jo kunst.

Er det så enkelt at ein roman blir meir litterær berre han ikkje er etterretteleg i forhold til fakta? Blir det automatisk større kunst om ein ikkje fordjupar seg i kjeldegranskinga og bruker det som faktisk hende, men heller diktar opp noko sjølv? Eller, på den andre sida: er det slik at ein historisk roman per definisjon ikkje kan vere for eksperimentell i form og språk; for litterær? Må ein skrive ein trygg, tradisjonell normalprosa med ein påliteleg, allvitande forteljar, i ei tradisjonell form og oppbygging, i tredje person eintal med fulle namn og historiske stereotypar, forsøke å skrive alle faktaopplysningane inn i dialogar og skildringar, og spenne opp heile det store lerretet: samfunnet pensla ut og heile konteksten presentert for lesaren, så det ikkje skal vere nokon tvil: forfattaren veit kva han gjer, det er berre å slappe av, lene seg tilbake, her får du akkurat det du ventar deg?

Det høyrer ei rekkje forventningar til sjangeren «historisk roman». Eg merkar det sjølv, når eg fortel at eg har skrive to av dei. På den eine sida møter eg anerkjenning: det må vere mykje arbeid, korleis går du fram, korleis finn du stoffet? På den andre sida kan eg få ei kjensle av at der ligg ei forventning om at romanane, utelukkande fordi eg definerer dei inn i den «historiske» sjangeren, må vere mindre litterære enn andre romanar: dei kan ikkje vere kunst. Som om det er ei gjensidig utelukking av desse to: å skrive historisk fiksjon og å skrive litterært gode, språkleg og formmessig sterke romanar.

Så kva er ein historisk roman? Kan ein historisk roman òg vere kunst?

Den dagen ein byrjar stenge dørene i litteraturen for nye variantar og uttrykk, kan ein like gjerne gi opp heile prosjektet. Berre fordi mange historiske romanar kanskje ikkje har vore litterært eller kunstnarisk sterke, om ein skal følgje Fosses definisjonar, betyr det ikkje at ingen historiske romanar nokon gong har vore eller kan vere det.

Målet for meg er å skrive historiske romanar som er litterært gode, samtidig som dei varetek dei faktamessige forpliktingane sjangeren krev. Eg vil gjere mikrohistoriske skildringar av dei små menneska, dei gløymte folka, dei vi sjølve kunne vore om vi berre levde i ei anna tid, og eg vil skildre dei samvitsfullt, med omsyn til deira biografi og tidas faktiske kjenneteikn. Difor går eg djupt inn i kjeldegranskinga og bruker dei små, eksotiske og uventa særeigenheitene som tida held på, som eg opplever som langt meir interessante enn det eg hadde forventningar om å finne eller kunne dikta opp på eiga hand.

Eg er ikkje interessert i det grandiose, i stormaktspolitikk eller viktige personar. Eg vil utforske det menneskelege i fortida og bruke språket på same vis som eg ville gjort om eg skreiv om mi eiga tid, om mitt eige liv. Eg vil bruke poesien som finst i det historiske landskapet, arbeide med orda, med setningar og rytme. Eg arbeider vel så mykje med språk og form som med innhald når eg skriv.

Kanskje er det difor det ofte er dei historiske romanane som ikkje kallar seg historiske romanar som tiltrekker meg. For sjangeren er kanskje litt trong, han er kanskje busett av litt for einsarta tema og litterære stilar. Men ein sjanger kan ikkje vere feig, ein sjanger kan aldri definerast inn i ein bås og forventast å bli der.

Kjelder:

Ellen Lange: Fabuleringer over sjangeren historisk roman (Thorvald Steen). Bøygen 1/2000.
Kjersti Vevstad: Å skrive fram mørket. En samtale med Jon Fosse. Bøygen 3/1997.
Anne Cathrine Straume: Hvor er den historiske romanen? NRKbokblogg, 18.11.2010.

Opphavleg publisert i Tidsskriftet Biblioteket 1/2011.

3 kommentarer:

caterina sa...

Veldig interessant, Aina. Jeg sitter selv med et historisk prosjekt. Uansett hvor mye materiale jeg er gjennom, er det viktig å finne en stemme og en måte å formidle stoffet på som både tar opp emnet man skriver om, men som også gir rom for å utforske teksten, språket.

Jeg var lenge redd for å skrive historisk, fordi det er så lett å falle i sjangerfeller. Jeg var også livredd for å tråkke med begge beina i et fattig og klisjéfylt språk. Det er her etterretteligheten kommer inn, i alle fall for min del; jo mer jeg satte meg inn i emnet, desto større rom ga det meg for å utforske og utvikle språket.

Jeg er ikke lenger redd for å skrive historisk, men jeg tror heller ikke jeg er veldig «typisk» - så det skal bli spennende å se hvilken mottagelse den får.

Aina sa...

Eg gler meg til å lese, Caterina! Blir spennande å sjå kva du får ut av stoffet.

Avil sa...

Språket, måten å fortelje på, kva ein vel å fortelje, kva ein vel å ikkje fortelje. Orda og kjenslene du legg i personar som blir levande, interagerer med kvarandre. Eg forstår ikkje korleis det ikkje kan vere kunst.