10. februar 2012

Kjære NRK-podkast, eg saknar deg!

Eg har dei siste åra lært meg å bli lukkeleg avhengig av NRK sine podkastar. Sjølv har eg stort sett lytta til dei litterære programma dei sender, og Bok i P2, Diktafon og Kulturhuset har akkompagnert allslags turar, til fots, til hjuls, til skinnes eller venges, og ein enorm del av oppvaskane mine. No er det berre Diktafon igjen. Korfor det?

Jau, det har visst med å gjere at NRK og Norsk platebransje, IFPI, ikkje er einige om kva vilkår NRK skal bli underlagt for å få lov til å podkaste musikken dei speler av i radioprogramma sine. Eit alternativ kunne sjølvsagt vere å klippe vekk musikken, i fjor blei dette gjort, men no orkar visst ikkje NRK å gjere det lenger. Og dei nektar å betale det IFPI forlangar, medan IFPI på si side nektar å godta kva det no er NRK tilbyr, med det resultat at det er vi som får svi. Vi, altså lisensbetalarane, lyttarane, vi som ikkje har tid eller høve til å klistre øyret vårt til ein høgtalar klokka 07 om morgonen ein laurdag, eller midt på dagen og i arbeidstida, når desse programma eg nemner over blir sendt.

Korfor er det ingen som skriv om dette, tenkte eg. Og så bestemte eg meg for å skrive om det sjølv.

Vi har lært at ein av og til må like noko med pengar, og vi, lyttarane, liker allereie NRK med pengar, anten vi liker det eller ikkje. Så kva med at NRK liker noko med pengar tilbake, betaler noko IFPI kan gå med på og gir oss lyttarane tilbake dette podkasttilbodet vi har lært oss å bli så glade i?

Kom an, då, NRK. Skjerpings! Fiks det!

Ingen kommentarer: