11. desember 2011

Lyset

Giske, jul 2007
Vi er inne i den tyngste tida av året. Månadene der det berre blir mørkare og mørkare, til det ikkje kan bli stort mørkare, og byrjar lysne igjen. Den tida det er svart når du står opp om morgonen og svart når du kjem heim om ettermiddagen. Den tida det berre er lyst nokre få timar midt på dagen, sjølv her, langt sør for polarsirkelen. Kjem det i tillegg uvêr, blir det endå mørkare. Tunge dagar med regn og vind og djupe, svarte skuggar.

Det er kanskje difor det kjennest ekstra godt å tenne lys i desse dagar. Medan vi nesten blir leie alt lyset i sommarmånadene og går inn og dreg att gardinene for å få fred, får vi liksom ikkje nok av lyset no i desember. Vi vender andletet mot dei få solstrålane som kjem og lèt oss med glede blende av låg vintersol.

Vi tenner stjerner i vindauga og sjuarma julestakar, vi brenner levande lys i stova og på det mørke kjøkenbordet om morgonen. Vi fyrer i peisen og nyt lyset frå elden som flakkar gjennom små, sota glas. Vi gler oss endåtil over dei overdådige julelysa som glitrar og glimer i handlegatene. Er det noko vi lengtar etter no, er det lys og varme.

Eg kjenner lengten når eg tvingar meg opp om morgonen, ut av den varme dyna og inn i dei morgonkalde romma. Lyssky etter mørkret og svevnen. Inn på badet der eit lysrør blinkar seg på. Kvitt lys, utan nåde.

Eg kjenner lengten når eg går til jobb i mørkret og når eg kjem på kontoret og kikar ut på ein mørk vinterby. Eg kjenner endåtil lengten når sola omsider står opp og legg seg gult mot fasadar, blenkjer i vindaugsglas. For eg må sitje inne medan sola er oppe. Når eg er ferdig for dagen, er det natt igjen.

Men det hjelper at det snart er jul. Heilt sidan eg var barn har førjulstida vore forbunde med glede og tenninga av lys. Den vesle kroppen mi blei fylt av varm sitring når vi tende det første lilla lyset den aller første søndagen i advent, og song med andektige stemmer:

«No tenner vi det første lys. Åleine må det stå. Vi ventar på det vesle barn i krubba lagt på strå.»

Advent var ei magisk tid med flakkande kjertelys og julesong. Alt som var koseleg skjedde i tida fram mot jul. Vi skrudde av lyset i klasserommet, tende kubbelys på kateteret og læraren las juleforteljingar. Vi feira Lucia med kvite lakenkapper, juleglitter i håret og stearinlys i hendene. Vi song julesongar og hadde juleverkstad, bakte julemannar og peparkaker som vi pynta med melisglasur. Og så var det adventskalender!

Kvart år fekk eg velje meg ein adventskalender i papp, med koseleg julemotiv av nissar og snø, alvar og pakkar, og inni var det figurforma sjokoladar, som smakte vel så mykje papp som innpakninga. På tv var det «Jul i Skomakergata», år etter år. Ingenting var meir koseleg enn skomakar Andersen, Tøflus og Jon Blund. Eg kan framleis teksten på Jon Blund-songen, som eg syng for meg sjølv med tynn og langsam røyst:

«Hvem er denne karen med sekk og lue på? Han ligner litt på nissen, igrunn! Det er ikke han, det er Jon Blund! Han besøker store og små.»

Det eg no, som vaksen, hugsar av barndomens førjulsforventning gjer at eg framleis gler meg til jul. Og det er kanskje framleis barndomens jul eg gler meg til: noko udefinert, ei stemning. Noko lunt. Gult lys i varme rom.

Eg går på julekonsert og får tårer i auga når dei syng «Deilig er jorden». Og framleis svulmar eg litt i bringa når eg tenner det første lilla lyset. Det beste med jula er førjulstida. Det beste med jula er å gle seg.

Og no er det snart vintersolsnu. Snart blir det berre lysare og lysare!

Spalte i Sunnmørsposten fredag 9. desember 2011.

Ingen kommentarer: