18. desember 2011

Snart

Det nærmar seg. I dag tenner vi det fjerde lyset, på onsdag snur sola og om ei lita veke er det jul.
Eg gler meg, som eg alltid gjer, og noko av det eg gler meg mest til er å ha tid og ro til å lese.

Eg skal som vanleg tilbringe jula hos familien min på Giske og har to bøker med i kofferten. Den eine var ikkje til å kome unna for meg som har lese dei fem føregåande i serien: Min kamp. Sjette bok av Karl Ove Knausgård. Eg har lese dei første to hundre sidene, det er framleis tusen igjen. I tillegg har eg med den danske historiske romanen Hildegard av Anne Lise Marstrand-Jørgensen, som eg har fått frå Bokmagasinet i Klassekampen for å melde over nyttår. Ser fram til å lese den, og er spent på kva eg vil synast.

Skrivinga skal eg ta heilt fri frå. Den nye boka er rett rundt hjørnet. Inn i elden blir tittelen, ho kjem i februar og det endelege omslaget er snart klart, eg skal poste det her så snart eg får klarsignal. Som vi har gjort før vil vi også denne gongen tilby interesserte bokbloggarar gratis leseeksemplar. Eg kjem nærare tilbake til det, de kan jo tenke på det så lenge. Og boka handlar altså om trolldomsprosessane i Vardøhus kring 1620 og har to unge jenter i hovudrollene, Elen og Dorothe.

No er det berre éin liten arbeidsdag att før eg tek ein lang og god ferie. Eg håper førjulstida er god for alle dykk der ute. Ha ei god jul, om vi ikkje sest før den tid!

1 kommentar:

Elin sa...

Vintersolverv er 05:30 torsdag morgen! :D Etter det går det fort, men jeg flytter sørover før sola er tilbake her i nord.