12. september 2011

Oppgåve 1. Skriv ei spalte til Nationen

Det er ikkje alltid like lett å vite kva ein skal skrive. Anten ein skal skrive tekstar som denne, skjønnlitterære tekstar eller for den del; nye bøker. Stundom er hovudet heilt tomt. Kva treng ein då? Stiloppgåver!

Eg var ei av dei som elska å skrive stil. Medan dei andre elevane stønna over dei nitriste oppgåvene og utsette all skriving til aller siste kvelden før innlevering, skreiv eg med glede stil både på skulen og på fritida, under ei gul lyskjegle ved pulten på jenterommet i mørke haustkveldar, medan regnet piska mot ruta i ujamne kast.

Det kunne handle om kva som helst. Det var ikkje grenser for kor vidt og breitt ein kunne tøye ei aldri så tam og uspennande stiloppgåve, om ein berre la godviljen til. Det var her utfordringa låg: i å skrive noko heilt anna enn det som var forventa, både av læraren og ein sjølv, å fjerne seg frå det openberre. Og det beste av alt: å aldri vite kva som ville skje før ein sette blyanten på øvste linja i kladdeboka og byrja skrive.
Eg kan framleis kjenne kriblinga.

No er eg blitt vaksen og tek meg i å sakne stiloppgåvene. Som skribent og forfattar kan eg av og til drøyme om å få ei oppgåve med klart definerte rammer for kva eg kan skrive. Det kan stundom vere mykje meir morosamt å skrive ein tekst på ein måte nokon andre har bestemt, enn det kan vere å vere heilt fri, iallfall dei dagane ein føler at ein subbar rundt i sine eigne, opptrakka spor.

Kanskje er det av same grunnen eg liker å skrive historiske romanar. Noko strengare rammeverk enn faktiske hendingar og personar i historia kan ein vel ikkje finne. Om ein vel å ta det historiske på alvor blir utfordringa å vere kreativ innanfor dei rammene ein har akseptert, til dømes gjennom å prøve å utfordre det språket ein skriv i og den forma ein vel for stoffet sitt.

Også i filmverda finst det dei som trivst med strenge reglar og rammer. Dei danske dogmefilmskaparane, med Lars von Trier og Thomas Vinterberg i spissen, laga mange gode filmar i ein periode der dei underla seg sjølv eit kyskskapsløfte for filmskapinga. Det var ikkje lov å legge til lyd i etterkant, all lyd ein høyrte skulle bli til medan ein filma. Det skulle også vere handhalde kamera, noko som gir eit amatørfilmaktig preg til filmane, men samtidig skaper ein nærleik, som om det ein ser på verkeleg har hendt. Det kom fleire gode filmar ut av Dogme 95. Min favoritt er Vinterbergs «Festen», som er sterk og skakande og verd å sjå om du ikkje har sett han enno.

Då eg skulle skrive denne spalta klødde eg meg lenge i hovudet, og det einaste eg kom på er tema eg har skrive om før. Eg utlyste difor ein stiloppgåvekonkurranse på facebooksida mi for å få nye idear, heilt gratis frå venner og kjende, som den sunnmøringen eg er. Eg fekk mange gode forslag som eg noterer meg til seinare, nokre forslag frå broren min, som skal få stå ukommenterte, og ein del forslag eg allereie har brukt opp i tidlegare spalter her og der. Sidan eg enda med å ikkje bruke nokon av forslaga, men valde å skrive om å skrive stil i staden, kan eg jo nemne eitt av dei forslaga til broren min som ikkje nådde heilt opp denne gongen:

«Skriv om pølse og stappe».

Han skulle vore lærar.

Spalte i Nationen, laurdag 3. september 2011

Ingen kommentarer: