17. september 2011

Shakespeare and Company

Eg gløymte sjølvsagt kameraet mitt den første dagen i Paris, som den uerfarne turisten eg er. Eg tok likevel nokre bilete i låg oppløysing av den vidgjetne engelske bokhandelen, Shakespeare and Company, som visstnok var samlingsstad på 1920-talet for forfattarar som Ernest Hemningway, Ezra Pound og James Joyce. Dette er ei sanning med modifikasjonar, for bokhandelen som er der i dag er den andre Shakespeare and Company i Paris, den første og opphavlege stengte i 1941. Atmosfæren er like fullt fantastisk.

Shakespeare and Company har ei antikvariatavdeling, ein vanleg bokhandel og eit bibliotek med triveleg leserom i andre etasje, der ein kan fordjupe seg i ein god stol og ei rikhaldig boksamling eller klunke litt på eit piano, om ein er av den sorten. Det er fotoforbod i andreetasjen, men som den opprøraren eg er lurte eg meg til å ta eit par mobilbilete likevel, sidan der ikkje var nokon å forstyrre akkurat då. Etterpå sette eg meg i den grøne lenestolen i hjørnet, bladde litt i nokre bøker, lét roa senke seg medan eg lytta til Paris: studentane ved dei runde borda på utsida, tutinga frå bilhorn, trafikken og pianomusikken frå den unge mannen i det andre rommet.

Litt pretensiøse kan dei nok vere, ein del av dei som besøker denne bokhandelen, som er 22 år og set seg i eit hjørne med alpelue og les ei diktsamling, eller set seg til å spele, liksom uanfekta, inne i pianorommet. Men bokhandelen er verd eit besøk, om du bekjenner deg til pretensiøsiteten eller ei. Utvalet er stort, sjølv om eg måtte gå derifrå utan å ha funne verken den novellesamlinga eg ville ha eller ei passe tynn diktsamling til å ha i veska. Tjukkare bøker og romanar var der derimot nok av, i alle sjangrar ditt hjarte kan begjære.

Om du skal til Paris og er glad i bøker og stemningsfull atmosfære, vil eg anbefale at du tek turen til denne bokhandelen. Han ligg på Seinens venstre breidd, eit steinkast frå Notre Dame på Ile de la Cité - og fortvil ikkje om du ikkje finn han på første forsøk. Spør berre den kjekke servitøren på restauranten nedst i gata, eller gå tilbake der du kom frå og kryss den vakre hagen, på andre sida fortset Rue de la Bûcherie og bokhandelen er umuleg å gå glipp av. Han ligg i nummer 37.

8 kommentarer:

Elin sa...

Jeg er glad du likte bokhandelen. Nå fikk jeg lyst til å reise tilbake dit!

P. S. Jeg har flytta bloggen min. ;)

annemarie sa...

Hit skal jeg neste gang jeg er i Paris.Har lest mye om denne.

Geir Isaxen sa...

En av plassene jeg har lyst til å oppleve før jeg dør. Er litt misunnelig på deg nå, Aina!

Aina sa...

Ein tur til Paris er heldigvis ikkje uoverkomeleg og denne bokhandelen er berre ein av mange fine ting å sjå.

Anonym sa...

Nå er det noen år siden jeg var i Paris sist, men da besøkte jeg Shakespeare & Company flere ganger - det er uten tvil min favoritt bokbutikk :-)

siljeblomst sa...

Var litt kjapp der, så prøver igjen; Det er noen år siden jeg var i Paris sist, men da var jeg innom Shakespeare & Co flere ganger - det er den beste bokbutikken :-)

GRØNN FRYD HOS MONIQUE - sa...

Fantastisk klart og sjarmerende eksteriørbilde her, virkelig med mobil?! På min anonymiserte blogg hadde nok også jeg tatt sjansen/risken å legge ut bilder fra "den forbudte annen etasje", men her inne er du dristig, Aina!

Aina sa...

Nei, eksteriørbiletet har eg funne på flickr. Men interiør er med mitt dårlege mobilkamera. Eg håper eg ikkje får represaliar.