12. juni 2011

Ei ueigna mor

Ikkje alle menneske burde få barn. Nokre klarer ikkje å gi barnet den oppveksten og tryggleiken det fortener, særleg ikkje som åleineforsørgarar. Nokre menneske er for egoistiske til å kunne vere gode foreldre. Dessverre finst det ingen personlegdomstestar ein må avlegge før ein får lov til å bli gravide.

Plutselig høre noen åpne en dør er den første romanen til Trude Marstein og kom i 2000. Eg-personen i boka er ei ung åleinemor som held på med ein hektisk innspurt på hovudoppgåva si, som ho vil levere før tida, samtidig som ho forsøker, meir eller mindre halvhjarta, å ta seg av sitt eige barn, ei dotter på fire år.

Hovudpersonen er i stor grad oppteken av seg sjølv og sitt eige prosjekt: hovudfaget. Ho irriterer seg ofte over at dottera er til stades og krevjer noko av henne, og vekslar mellom til dels valdsame og overveldande kjærteikn og omsorg, og det ein ikkje kan omtale som anna enn rein omsorgssvikt som grensar mot fysiske og mentale overgrep. Ho øydelegg sitt eige barn og reflekterer kjølig over det. Ho forstår og ønskjer å vere betre, men er ikkje i stand til å ta seg saman i lenger tid i gongen. Ho veit ho burde skjerme barnet for seg sjølv, men er også glad i dottera og ønskjer å ha henne hos seg. Berre ikkje når det ikkje passar for henne.

Tidvis er det svært vond lesing. Eg får tankar som: Er det slik det er å ha barn? Kan eg sjølv kome til å bli ei så udugeleg mor? Korleis vågar vi å setje barn til verda når vi tenker på kor lett det er å øydelegge ikkje berre ein barndom, men eit menneske, eit heilt liv?

Mot slutten av boka venta eg på ei dramatisk vending. At det skulle klikke fullstendig for mora, at ho skulle stryke på hovudfaget, bli innlagt på akuttpsykiatrisk, kaste dottera ut av vindauget. Men som vanleg for Marstein tek ho aldri dei dramatiske utvegane, men lèt heller historia henge i lufta og lesaren sitje att med ei ubehageleg kjensle av at dette aldri kan gå bra.

2 kommentarer:

Janicke sa...

Jeg er enig med deg - dette er en vond bok å lese. Boken problematiserer morsrollen, omsorgsrollen og empati for barnet. En viktig bok som man ikke glemmer.

Anonym sa...

Ja, dette er ikke akkurat en bok man blir glad av å lese. Men hjelpe meg så mye gjenkjennelse det er i den boka, i hvert fall for min del. Ja, hovedpersonen er ekstrem, det blir gjerne bedre litteratur på den måten, men utgangspunktet er gjenkjennbart for de fleste, vil jeg tro. En god bok som handler om så mye mer enn å forsømme et barn.