28. april 2011

Kvinnerolle, familieliv

Eg har lese seks bøker denne påskeferien, eit uvanleg høgt tal for å vere meg. Per Petterson, Arto Paasilinna, gjensyn med dei tre Tommy og Tuppence- bøkene av Agatha Christie og til sist: Ebba Haslunds Bare et lite sammenbrudd, ei bok eg har hatt lyst til å lese sidan eg såg forfattaren på Litteraturhuset saman med Mia Berner under opninga i 2007.

Sistnemnte bok kan vel seiast å vere eit bidrag til den «kvinnelitteraturen» som fekk sitt gjennombrot på syttitalet. Bare et lite sammenbrudd er ei skarp og avslørande skildring av livet til ei heimeverande husmor i den øvre mellomklassa, som har nok av alt, berre ikkje respekt frå sine næraste. Lillemor, som hovudpersonen stillteiande aksepterer å bli kalla, steller for mann og vaksne barn, kjenner på at ingen ser henne eller det ho gjer, men blir likevel skulda av dei næraste for å sutre og mase og klage ustanseleg. Då boka kom i 1975 vil eg tru ho tok tempen på dei liva mange kvinner levde: anten heimeverande og «yrkeslaus» med mann og barn og etterkvart med ei kjensle av å vere unyttig, når ungane flytta heimefrå og ein ikkje hadde like mykje å henge fingrane i, eller «yrkeskvinne» og «dårleg husmor» om ein var av dei som valde å utøve yrket sitt, sjølv om dei hadde råd til å late det vere.

Då ho kom blei boka marknadsført som ei bok som hadde noko å seie til alle i familien, og det trur eg så sanneleg. Ho hadde då noko å seie meg, 36 år seinare, og fekk meg til å fundere på om vi kanskje ikkje er komne så langt i denne likestillingsprosessen vår likevel. Om vi er aldri så frigjorte og har alle mulegheiter tilgjengelege, er det framleis ein overraskande stor del av velutdanna, yrkesaktive kvinner som går rett inn i den tradisjonelle kvinnerolla når dei blir mødrer, med alt det inneber av sjølvoppofrande martyrium og dobbeltarbeid. Vi krev kanskje meir av mennene våre og prøver kanskje å få til å gjere og vere alt vi meiner vi burde, på alle frontar, og hamnar slik lett innanfor det nymotens omgrepet «tidsklemma», som så visst ikkje er eit nytt problem, skal vi tru Ebba Haslund. På syttitalet var det ikkje eingong barnehagar. Kor lett var det å bruke den spennande utdanninga si då?

4 kommentarer:

Janicke sa...

Dette er en av mine favoritter fra ungdomstiden da jeg leste masse av denne typen litteratur. Hun kom med en oppfølger for noen år siden, jeg har skrevet om den på bloggen min. Vi møter Lillemor som gammel dame. Vakkert.

Aina Basso sa...

Ja, eg skal lese 'Sekskanten'. Viss eg er heldig får eg hente boka på biblioteket i dag!

mittsnitt sa...

Moren min elsket disse bøkene på 70tallet. Og jeg leste dem også etterhvert som feministen i meg blomstret.Ebba Haslund er spennende også fordi hun har fortsatt å skrive. Moren min elsket bøkene hennes på 90tallet også. Det å skrive og lese om å bli en eldre og etterhvert gammel kvinne. Viktig.

Aina Basso sa...

Einig med deg. Eg set pris på å lese om menneskelege erfaringar, også dei eg ikkje har vore innom sjølv, enno.