16. mars 2011

at berget skal opna seg, at kjeldor skal springa

Omslag av Øystein Vidnes
Kjære Olav Hauge,

Jeg stod opp i morges og tenkte på et rom møblert med bøker fra gulv til tak. Bli ikke forbauset når jeg skriver slik til deg og du ikke kjenner meg det går over, man kan vel møtes i et brev så vel som på gaten. 

Slik byrjar det aller første brevet biletkunstnaren Bodil Cappelen (då Strømsted) sende diktaren Olav H. Hauge i februar 1970. Brevet skulle bli starten på ei brevveksling over fleire år, som blei til eit nært vennskap og etter kvart ein stor kjærleik. Olav H. Hauge var 22 år eldre enn Bodil Cappelen, over seksti år og ungkar då dei byrja skrive til kvarandre, og det tok fire år før dei møttest for første gong. Det enda med at Bodil tok ut skilsmål frå mannen og flytte til Olav i Ulvik i 1975. Dei var saman til hans død i 1994.

Brevvekslinga mellom biletvevaren og "gartnaren frå Ulvik" er utgitt som bok og er fin lesing, merkeleg medrivande. To ulike stemmer og stilartar, to ulike temperament som kjem til syne gjennom breva og ein stor nærleik som stig fram mellom linjene.

Det er òg dokument over ei tid. Breva handlar om EEC-debatt, kvinnefrigjering, om diskusjonar i Forfattarforeininga, om siste nytt frå det litterære tidsskriftet Vinduet, om biletvev og innhausting.

Dette diktet skreiv Hauge til Bodil Cappelen i januar 1975:

Teppet

Vev meg eit teppe, Bodil,
vev det av syner og draumar,
vev det av vind 
Slik at eg, som beduinen, kan
breida det ut når eg bed,
sveipa det um meg
når eg søv,
og kvar morgon ropa:
Bord duka er!
Vev det til
ei kappe
i kulden
til eit segl
på min båt!
Ein dag skal eg setja meg på teppet
og sigla burt på det
til ei onnor verd.

I DETTE programmet fortel Bodil Cappelen om brevvekslinga og møtet med Olav H. Hauge, først som diktar, deretter som venn og seinare sambuar og ektefelle.

1 kommentar:

Janicke sa...

Jeg leser den nå, den er som du skriver medrivende. Vakkert og en ganske utrolig historie. Det var fint å se NRK-programmet.