22. november 2010

Skrivinga: Historie eller samtid?

Det er fleire som har stilt meg spørsmålet om eg har tenkt å fortsetje å skrive historiske romanar eller om eg òg kan tenke meg å skrive bøker frå mi eiga tid - eller kanskje utan tid, vil eg legge til for eiga rekning. Ein av desse er Jørn Roeim, som står bak bloggen Aroundbooks. I innlegget Taterpigen vender tilbake skriv han til dømes  

'Jeg kunne veldig godt tenkt meg at hun våget å slippe taket i det historiske og lot det Moro omtaler som «den poetiske fortellerstemmen» få friere rom. Så å si velge mellom faghistorikeren og forfatteren.'  

Så eg tenkte eg skulle skrive noko om det. For det er ikkje berre Roeim som stiller dette spørsmålet, det er tydelegvis ein tanke som slår svært mange. Korfor skriv ho historiske romanar? Mitt spørsmål tilbake er sjølvsagt: Korfor skal eg ikkje skrive dei? Når 99 % av samtidsforfattarane våre skriv om si eiga samtid - er det ikkje berre fint at nokon ikkje gjer det? 

Men det er ikkje det som er svaret på spørsmålet. Eg seier ofte, når eg snakkar om mi eiga skriving, at eg ikkje hadde noko å skrive om før eg blei historikar. Eg hadde ikkje det. Eg fann ingenting å fortelje som verka viktig, som eg kunne gjere interessant. Eg var ikkje interessant nok. Eller, for å formulere meg annleis: Det av meg sjølv eg kunne tenke meg å utlevere i ein tekst var ikkje interessant nok. Så då blei den naturlege konsekvensen at eg ikkje fekk til å skrive ein roman før eg hadde stoff utanfrå meg sjølv, og stoffet fann eg - tilfeldigvis, kanskje - i historiske kjelder.

Men kva er ein historisk roman? Bok i P2 diskuterte nyleg dette og det var mange strenge definisjonar på det. Eg har fått kritikkar som presiserer at Fange 59. Taterpige er ein god roman, ikkje berre ein god historisk roman. Eg anar at det finst ei rekke kriterier som skal med i ein klassisk historisk roman. Eg har også fått kritikkar som saknar ein del av desse kriteria. Og eg har fått kritikkar som saknar større brot med sjangeren.

Slik eg ser sjangeren som heilskap opplever eg at han litt for sjeldan blir utfordra på dei klassiske eller tradisjonelle kriteria: Allvitande forteljar, fleire parallelle historier, eit flettverk av stemmer og hendingar, (dessverre ofte) sjablongaktige figurar, eit stort, oppspent lerret med ei rekke tidsmarkørar, fakta som blir pressa inn i historia berre for å vise alt forfattaren kan, store drama og handling frå ein av dei viktige periodane i historia til det landet forfattaren skriv frå. Det skal vere viktig, det skal vere stort og det skal vere imponerande.

Slike romanar vil ikkje eg skrive. For meg er ikkje historia noko å skrive om fordi det er historie, fordi det skal fortelje oss noko, fordi vi skal lære eller fordi eg skal setje søkelys på noko spesielt. Det eg skriv om skriv eg om fordi det er noko der, for meg. Fordi eg finn noko der, i menneska, som eg vil utforske, som eg kjenner har noko eg kan få til å skrive om. For, om eg skal vere ærleg, handlar det alltid om det: om at eg vil skrive og at eg må finne noko det er verd å skrive om. Tilfeldigvis har eg hittil funne desse historiene og desse menneska i historia. Det vil eg nok fortsetje med ei stund til, for eg har funne så mange av dei, det går ikkje like lett tomt som vår tid gjer, denne tida så mange andre skriv om, på så mange gode og innsiktsfulle måtar.

Tenk på alt som har skjedd i tida før vår. Tenk på alle som har levd. Tenk på alt og alle det ikkje er skrive om enno. Iallfall ikkje på nett denne måten, på min måte. Det er så uendeleg mykje å ta av. Eg har vanskelegare for å rettferdiggjere for meg sjølv å bruke tid på å freiste skrive om noko så mange andre kan og har skrive om på ein like god eller langt betre måte enn meg. Men eg seier ikkje at det ikkje vil skje. Det hadde jo vore spennande å prøve.

6 kommentarer:

Natalie Normann sa...

Av en eller annen merkelig grunn er det alltid folk som synes at man skal skrive noe annet enn det man skriver. Så jeg synes du skal fortsette å skrive som du gjør!

Anonym sa...

Jeg syns absolutt du skal fortsette å skrive historiske romaner! Jeg skulle ønske flere unge forfattere skrev innenfor denne sjangeren. Vi trenger ikke enda flere som skriver om seg selv ;-)

Mette Moen Baatvik sa...

Så bra skrive, Aina! Å ta utgangspunkt i historia må vere ganske så naturleg for ein historikar. Og det må vere ein fin fase i prosjektet når du dukkar ned i kilder og blir kjend med tida og begynner å sjå for deg personane som kan ha levd då. Kven var dei, korleis tenkte dei, kva gjorde dei?

Stå på vidare med gullpennen din! Orda dine og formuleringane dine er vakre.

mittsnitt sa...

Å, du setter så bra ord på hvorfor jeg vanligvis ikke liker historiske romaner: Kulissene og den historiske researchen dominerer over en mer eller mindre sviktende/klisjémessig fortelling. Og det har vært så spennende i forbindelse med din bok: Nesten alle anmelderne legger vekt på kvalitetene i språket og fortellingen, mens det historiske nesten blir et krydder, en ekstra dimensjon. Det er derfor jeg gleder meg til å lese boka di :)

Aina Basso sa...

Natalie:
Ja, ulike meiningar vil det vel alltid finst, så lenge nokon engasjerer seg. Men det er jo vi som vel, så får vi håpe vi tek dei rette vala.

Jorid:
Det er ikkje så mange som vågar seg utpå, trur eg. Eg veit om fleire som har lyst, men mange er redde researchen skal vere for tung - og nokre vel då å droppe det, medan andre vel å droppe researchen.

Mettemor og mittsnitt:
Tusen takk for gode ord!

Elin sa...

Jeg synes du skal skrive på din måte, Aina. Blås i hva andre måtte mene. Det som er bra med bøkene dine er at de er noe eget. Det liker jeg!