17. november 2010

Eg byrjar med kvadratet

Den første skrivedagen denne hausten.
Låg sol, lange skuggar. Skarp silhuett av eit fjell, pudra av snø, fossen er brei, fuglen flyg roleg.
Råsa etter hesten på marka, konglene i grantoppane. Eit gult tre, mange nakne. Det grøne i graset og det gule i marka. Dei skeive gjerdestolpane. Kvite fuglar og svarte. Rolege hus, kvardagsstille. Den skarpe lufta, kvass seinhaust. Ei roleg duving i graner. Lyden av nokon på kjøkenet, ei kråke skrik. Eg skimtar sundet bak greiner.

Eg lagar tankekart. Fire menneske på ein gard på ei rydding i ein skog. Kven er dei og korleis har dei det med kvarandre? Skriv ned alle kjenslene dei har for kvarandre. Slik trår historia fram. Ein likesida firkant i ei kladdebok, eit namn i kvart hjørne, og langs sidene skriv eg stikkorda, kjenslene. Slik kan ein arbeide, slik kan ein skrive seg inn i ei historie, i eit tun i ein skog, i menneska som bur der.

2 kommentarer:

Kaja Marie sa...

Så fint Aina. Og så spennende å få jobbe seg inn i en ny historie og nye karakterer. Kos deg med det, og lykke til.

Aina Basso sa...

Tusen takk for det. Det er veldig spennande, mest er det veldig godt å vere i gang igjen. Har lengta, heile hausten.