11. november 2010

Eit tverrsnitt av ein by

Eg er ein fråverande bloggar for tida. Dette har ei enkel forklaring: hjernen min er tom. Grunnen til dette er også enkel: eg har vore på ein skuleturné i Osloskulen, på 9. trinn, der eg har møtt 600 elevar fordelt over dei siste tre vekene.

For oss som (også) skriv bøker for barn og unge er det ikkje så mange arenaer der ein får møte sine potensielle, unge lesarar. Det er få arrangement for ungdom på Litteraturhuset og liknande stadar og argumentasjonen er at dette er fordi ungdommane ikkje møter opp. At tilbodet stort sett er fråverande og at dette knapt fører til at unge endrar mønster og byrjar oppsøke litterære arenaer, er visst ikkje ein modell å arbeide etter. Men der finst ein arena der forfattarar kan påtvinge litteraturen sin på både dei litterære og alitterære eksemplara av vår oppveksande generasjon. Og denne arenaen er skulen.

Eg har sjeldan lært så mykje på så kort tid. Om byen eg bur i, ungdommane som veks opp her, om forskjellar og likskapar, om ressursar og utfordringar, og ikkje minst - om meg sjølv. Det har vore lærerikt, kjekt og slitsamt. Eg kjem nok ikkje til å hugse alle dei 600 elevane eg har møtt, men mange kjem eg til å hugse. Nokre klasser er ivrig deltakande og interesserte, andre er daue og uengasjerte. Men endåtil i dei mest responslause klassene, der elevar ligg og halvsøv over pultane, der tøffingane sukkar demonstrativt og ingen rekker handa i vêret same kva ein spør om, finst det nokon som lyttar. Også i desse klassene finst det unge menneske med lys i auga. Som Tove Nilsen sa: Om eg berre når fram til ein person i kvar klasse, er eg nøgd med besøket. Høyr, høyr.

5 kommentarer:

mittsnitt sa...

Fint du gjør det, snakker til og med ungdommen om bøker, om å skrive. Tipper én, kanskje til og med flere, kommer til å huske deg og det du sa. Kanskje du til og med bidro til en avgjørende liten gnist i en kommende skribent, historiker eller dikter? Det må være fint å tenke på.

Aina sa...

Eg tenkte på korleis eg sjølv ville opplevd å få ein forfattar inn i klasserommet då eg var 14. Eg ville nok aldri gløymt det og eg ville nok blitt frykteleg inspirert til å skrive på. Eg kjenner folk som ikkje er spesielt litterært interesserte, men som likevel hugsar forfattarbesøket på ungdomsskulen, hugsar kven som var der, òg.

heklehatt leser sa...

Til neste år skal jeg ha niende klasse - gleder meg til forfatterbesøk!

heklehatt leser sa...

(underforstått: med deg:-) )

Aina sa...

Herleg! Eg kjem gjerne, eg!