15. september 2010

Oslo bokfestival

Nokre store, nokre små
Denne helga er det Oslo bokfestival i Spikersuppa og Operaen, samt ein del andre stadar rundt om i byen. Eg skal lese to gonger: I Saras telt på laurdag klokka 17 under 'Debutanttimen', saman med Eivind Buene, Line Berg, Bjarte Arneson og Mari Sager, og i Operaen søndag klokka 11.30 saman med Tove Nilsen, Agnar Lirhus, Arne Hjeltnes, Anders T. Andersen og Jens M. Johansson under overskrifta 'Smakebiter'.

Det er mykje som skjer denne helga i Oslo, 180 forfattarar skal til pers over tre dagar, mange store namn og spennande arrangement. Men viss nokon av dykk skulle slumpe til å kome innom på eit av arrangementa eg les på, må de ikkje vere redde for å kome bort og seie hei! Og hugs: Alt er gratis!

8 kommentarer:

Lille søster sa...

Jeg deltar også, klokka 12. Har veldig lyst til å se og høre deg. Det kommer litt an på om ungene orker å være i byen så lenge.
Lykke til i hvert fall

Aina Basso sa...

Lykke til til deg også! Eg skal også prøve å få med meg deg, men det kjem litt an på fleire faktorar. Har t.d. besøk heile helga.

Berge sa...

Blir bra! Kjem garantert innom eitt av arrangementa.

Aina Basso sa...

Så kjekt! Håper eg får med meg deg og dei andre Samlagsdebutantane, òg!

mittsnitt sa...

Så gøy, Aina! Rart å bli kalt debutant bare fordi du ikke har skrevet voksenbok før. Men flott at du får lese i fint selskap i Operaen. Skulle gjerne vært der, men så var det dissa unga da... Uansett: Lykke til! Stolt på dine vegne :)

Aina Basso sa...

Eg er vaksenbokdebutant. Det er slik dei gjer det no til dags. Blir kjekt, alt saman!

Anonym sa...

Reknar med Fosnes Hansen fekk seg ein flat neve etter dette.

Aina Basso sa...

Frå kven, Anonym?