21. september 2010

Fingrar

Ei og ei halv veke pause før neste opplesing. Eg burde skrive, men har ikkje tankar som held seg i ro lenge nok. Verkar så rastlause, tankane, så utan evne til å binde seg.

Desse linjene går unormalt tregt å skrive. Eg observerer det undervegs: Kor eg slit med å finne orda, kva ord var det eg ville ha, igjen? Korleis eg skriv noko, før eg ryggar, stryk det ut, skriv noko heilt anna.
Kanskje eg ikkje treng pause med skriving. Kanskje eg treng ein pause frå alt som har med det å gjere. Gå ut i skogen. Sjå på hausten. Ikkje ord, lesing, skrift. Ikkje dataskjerm, tv-skjerm. Men skog, konsertar, lyd. Ikkje bilete, ord, men lyd, kjensler. Slikt som durar i magen og dreg seg oppetter bringa di, som fingrar på innsida av ribbein og hud, mjuke fingrar, fingrar som krev, varsame. Fingrar som stryk deg og hender som legg seg mot innsida di, store hender mot innsida av magen, varme.

Ingen kommentarer: