26. september 2010

Ei bygd ved Ishavet

I august reiste eg nordover saman med familien min, til staden far min vart fødd og voks opp, ei lita bygd ved Ishavet, Skallelv.

Bygda ligg så fint langs elva og havet, ferskvatn møter sjøvatn, sanden er kvit, sauene kvite, husa nymåla og elva blank. I sol speglar saunaene seg i elvevatnet, vaier sibirvalmuene i graset, sit måsungane så stilt på hustaka.

Ovanfor bygda strekker vidda seg ut. Den grønbrune vidda, med moltemyrer og blåbærlyng, med krøkebær og myrull. På åsranden siluetten av ein rein. Eg går frå tue til tue, moltene lyser, eg plukkar dei, ei etter ei, plukkar tua rein for mogne bær, rettar ryggen, speidar etter neste tue. Tenker berre på bær, høyrer svuppa støvlane mine lagar når eg trekker dei opp frå myra, ein fugl stiller seg opp og syng, ein frosk kryp sakte opp frå vatnet.

Eg puttar ei bær i munnen, høyrer dei finske orda og setningane i hovudet, tenker på farmora mi, korleis ho gjekk her og plukka. Korleis ho knytte skautet, korleis stemma hennar høyrtest ut, kva ho sa, kva ho song.

Vi plukkar på Villapääjänkkä, Ullhovudmyra, der myrulla nikkar frå magre stilkar. Her brukte far min å plukke då han var liten. Her kjem vi attende, seksti år seinare, framleis er det bær på marka, sjeldan såg eg far min så glad som etter ein tur hit.

Foto: Privat. Skallelv i Varanger, Aust-Finnmark.

2 kommentarer:

heklehatt leser sa...

fantastisk! så spennende. Var det første gang du var der?

Aina sa...

Eg var der som toåring og sat på farmor sitt fang medan ho song finske songar til meg. Så var eg der som sekstenåring og igjen no i år. Men det er jo denne gongen eg verkeleg vil hugse.