4. mai 2010

To nye reisebøker

Eg trudde eg skulle ha ei veke ferie etter at eg leverte nytt manusutkast på søndag, men ferien er utsett: Redaktøren var beundringsverdig rask med å lese; eit døger etter at manus var levert var han allereie ferdig og hadde berre få kommentarar å kome med. Difor skyt vi alt fram med femten dagar. I staden for 25. mai går boka til språkvask 10. mai og eg må utsetje ferien ei veke. Men det er sjølvsagt heilt greitt. Eg vil ha boka ut så tidleg om muleg på hausten, jo tidlegare bok, jo lenger (bok)haust. Dessutan hadde det vore kjekt å ha ei fysisk bok å vise til på Bjørnsonfestivalen i månadsskiftet august/ september.

Men ferie eller ikkje ferie: Eg skal likevel reise vekk. Og litt ferie skal eg ta, iallfall så langt eg kan. Difor har eg vald ut to bøker som eg tenker kan gi hovudet den fridomen det treng. Den eine boka er Ingenting å angre på, den siste til Trude Marstein, som handlar om utruskap, lidenskap og langvarige forhold det er gått vane i. Den andre er den så langt siste boka om litteraturdetektiven Thursday Next, First Among Sequels av Jasper Fforde, ein slags Hitchhikers Guide To The Galaxy - i litteraturen! Kreisi bananas og veldig gøy.

Og i dag har eg teke nye forfattarportrett, òg, med ein fotograf som verkeleg kan sakene sine og som fekk meg til å slappe heilt av og ikkje vere linseredd. Det er hektiske dagar, eg tenker med gru på kor hektiske dei ville vore om eg skulle arbeidd 100 % i ein annan jobb ved sida av!

5 kommentarer:

Silje sa...

Fford kan det der med boktitler :-)

Kasiopeiia sa...

Det høres jammen meg ut som om du har mye spennende og henge fingrene i!
Jeg gleder meg til og følge bloggen videre :)

Aina Basso sa...

Silje:
Ja, HAN kan det! Det er han eg skulle lært av!

Kasiopeiia:
Ja, no skjer det mykje, gitt!

Silje sa...

Nå skriver dere i litt ulike sjangere, da. Det er ikke sikkert at hans tittelforslag hadde funka i din sammenheng ... Dessuten ble tittelen din fin, den også!

Aina Basso sa...

Nei, det er sant - slike ordspel passar best på bøkene han skriv, ikkje like godt på det eg driv med. Glad du liker tittelen!