6. mai 2010

Det sssssssuser i hovudet

  • Endå ein manus-revisjonsrunde, denne gongen med omfattande reformatering - frå lyrikkoppsett til prosa, samt oppdatering av sitatliste og skriving av eit aldri så lite etterord (jau, eg lyg i romanen, men ikkje heilt, berre halvt - kan ein seie det?)
  • Fleire marknadsføringsarrangement å delta på; spele inn boktrailer, debutantfest i Bergen, pressefotografering - slik er det å debutere med vaksenbok, noko heilt anna, langt meir hektisk, allereie no
  • Bestemme nytt forfattarportrett, godkjenne baksidetekst, velje utdrag, språkvaske, korrekturlese
Men så; pleasure after business:
  • Litteraturfestivalen på Lillehammer og ny tur til Roma, der eg berre skal leike, leve, le, og ikkje arbeide det slag
Deretter berre
  • ei aldri så lita opplesing på Dei nynorske festspela i slutten av juni
før det blir full sommarferie i ein heil månad.
Men no suser det. 

5 kommentarer:

caterina sa...

Vi går motsatt vei: Du debuterer med voksenbok (vi liker ikke begrepet) og jeg med barnebok (vi like rikke begrepet). Begge deler nytt for oss. Vi er heldige!

Gleder meg sånn til å lese! :)

Avil sa...

Forlaget satsar på deg. Ikkje alle vaksenbokdebutantar har det like travelt.

Så deileg!

Aina Basso sa...

Caterina:
Det blir spennande tider for oss begge!

Avil:
Ja, dei er veldig engasjerte :)

Elen Fossheim Betanzo sa...

Boktrailer? Fortell mer! Visste ikke at norske forlag drev med den slags?

Aina Basso sa...

Jaudå. Men det er jo ikkje ein slik filmtrailer-boktrailer. Berre ein film med intervju og eit opplese utdrag frå boka. Som denne:

http://www.youtube.com/watch?v=6ta9GyU6uZQ