Dei siste dagane har eg oppdatert to sider jamnleg: yr.no, med oppslag på langtidsvarsel for Roma i Lazio, Italia og Min side i Deichmanske bibliotek. Det er nemleg snart klart for ein tur til Samlaget si romerske 'hytte', Sambu, og forhåpentleg ein smule meir vårleg vêr og temperatur enn her heime.
Eg plar like å førebu meg til slike reiser. Eg har difor lese Jenny av Sigrid Undset og sett Roman Holiday med Audrey Hepburn og Gregory Peck for å verkeleg kome i stemning. Eg har sjølvsagt også skaffa meg ein reiseguide som verkar kjekk og bra. Og nye sko. Ecco, mjukt skinn, kjennest som å gå med tøfler, ser kule ut, støtdemping. Så då er eg vel klar? Vel, ikkje heilt.
Eg veit kor eg skal, eg har henta nøklane, leitt fram fotoapparatet, lagt klart passet, vaska kleda og ordna med ein ny sesong Mad Men til å sjå på pc-en i einsame kveldar. Men kva med lesestoffet?
Det er der Deichman kjem inn. Eg står nemleg på tredje plass på MK4, som det heiter på folkemunne, eller Knausgårds mykje omtala Min kamp, fjerde bind, for dei som ikkje er like engasjerte. Det hadde jo passa veldig bra om eg fekk med meg den boka på turen! Men så langt ser det ikkje lovande ut, så eg leiter etter alternativ. Alternativ må eg jo uansett ha med, ei bok held jo ikkje på ein slik tur. Anten er ho for god, og eg les henne ut for fort, eller så er ho for dårleg, og eg må ha noko å bytte med. Eg har tenkt at eg uansett skal ta med ei av dei ulesne gullalder-krimromanane eg har i hylla. Patricia Wentworth, Dorothy L. Sayers eller Ngaio Marsh. Eg skal kike gjennom, lese bakpå. Og elles har eg jo strålande ulesen litteratur både liggande og ståande.
Eg har Ned til hundene (Helle Helle), Ut og stjæle hester (Per Petterson), Vårnatt og Båten om kvelden (Tarjei Vesaas), The Waves (Virginia Woolf), Drömfakulteten (Sara Stridsberg), Arbeid pågår (Marit Eikemo), Indianarar (Rune F. Hjemås), Bildet av Dorian Gray (Oscar Wilde), Melancholia (Jon Fosse) og Dagbok 1942-44 (Hélène Berr), for å nemne nokre. Samt fire bind med Krig og fred (Lev Tolstoj).
Så kva blir det til? Eg veit ikkje. Alle desse freistar. Eg får tenke litt over det. To flyturar, ein del kaféturar, nokre morgonar og kveldar, mellom vandring og skriving. Kva høver best?
4. mars 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
Aporpos krim. Hva med en av Iain Pears' kunsthistorikerkriminaler satt til Roma? Du kan få låne hvis du vil...
Ja, det er sant! Det hadde eg jo også tenkt på. Men eg trur eg har lese alle, og har dei fleste. Men kanskje eg kan byrje på nytt?
Roma nå, det hadde vært noe det, men siden jeg dessverre ikke har anledning vil jeg foreslå Oscat Wilde som en brukbar erstatter, iallfall bra barselskap om kvelden. Om det blir for useriøst kan du jo be Deichmann pusse støv av et eks av 'Italia forteller' fra den norske bokklubbens fortellerserie, da har du vel minst en novelle pr kveld å ta av-- God tur uansett!!
Eg kan anbefale Båten om kvelden og Melancholia. (Som om ikkje eg alltid anbefaler Vesaas og Fosse, når nokon spør). Drömfakulteten er også veldig god. Og kanskje den som er best egna som "veskebok", det passer bra å lese eit avsnitt nå og då av den.
Ut å stjæle hester!
(langt fra roma, men vakkert, vakkert).
Legg inn en kommentar