6. mars 2010

Fanlitteratur: Nesten frelst av/ Einar Økland 70

Nokre bøker les ein frå perm til perm. Andre les ein litt her og der i.
Eg har lese litt her og der i to bøker, nemleg Skriftfest. Einar Økland 70, redigert av Kjartan Fløgstad, Sverre Tusvik og Jorunn Veiteberg og ei morosam portrett- eller dialogbok av Olaug Nilssen: Nesten frelst av Sigvart Dagsland.

Vi tek sistnemnte først.
Olaug Nilssen er svært tydeleg til stades i denne boka, særleg i delar av han. Ho kranglar med Dagsland om kor vidt han er ein kristen-artist eller berre ein artist som tilfeldigvis også er kristen og om han er kristen nok (sjølv er ho ikkje kristen, men har haldningane til ein konservativ kristen, slik mange ikkje-kristne har i møtet med kristne dei meiner ikkje er kristne nok), osb. Det er ein fin og humoristisk tone i boka. Ikkje berre fordi Olaug Nilssen er morosam, men fordi også Sigvart Dagsland tydelegvis er morosam. Personleg har eg ikkje noko sterkt forhold til Sigvart Dagsland. Eg hadde ein periode der eg, som Olaug, freista kristne meg sjølv i ungdomstida. Eg song riktig nok ikkje i Ten Sing, som ho gjorde, men i gospelkor, i tillegg til å vere med i diverse andre kristne samanhengar, og i den tida høyrte eg mykje på Sigvart Dagsland si Laiv-plate. Eg var vel også på ein konsert med han i Spjelkavik kirke, meiner eg å hugse. Men dei siste ti-femten åra har eg ikkje høyrt på han i det heile, før altså denne boka kom ut og eg blei minna på alt saman, og byrja sippe av teksten til Naken hud, igjen (Kan me bera fram ein unge/ ingen mobb kan frysa ut?).

Den andre boka, til ære for Einar Økland på 70-årsdagen, er ei samling tekstar frå ymse hald. Dei mest spennande er kanskje dei skrivne av gjengen frå Profil-krinsen, Jan Erik Vold, Paal-Helge Haugen og Dag Solstad (som skreiv ein overraskande rørande tekst frå 1968/ 69 om livet i Grorud og utvekslingar med Økland i skriveprosessen til Irr! Grønt! (Solstad) og Amatøralbum (Økland).) Men det er også mange andre fine og interessante tekstar her av redaktørar, kollegaer, illustratørar og fans. Skriftet gir òg eit godt høve til å bli betre kjent med ein interessant, mangfaldig og (vid)underleg forfattarskap. Eit festskrift av høg kvalitet og stort mangfald, som det passar å ta fram og bla litt i, lese litt her og der, sjå på bilete og illustrasjonar.

1 kommentar:

Tehme Melck sa...

Det norske "kristen"-begrepet har gjort utrolig stor skade. Det handler mer om kultur, for ikke å si konvensjoner, enn om tro. Som katolikk ser jeg dette naturligvis som en av skadevirkningene av reformasjonen.