26. februar 2010

Smakebit

No sit eg og reviderer manuset, går gjennom kommentarane frå redaktøren. Seinare skal eg bygge meir ut nokre av episodane, gå nærare inn på hovudpersonen. Enn så lenge kan de jo lese ein liten smakebit her, frå eitt av dei meir poetiske partia.

Far bruker flintstein over rusket.
Maria ser ei tid på gneistane som fell så mjukt og sloknar, før det fatnar, og ho går, far legg tørre pinnar på, småkjeppar, never. Ho går til bekken som renn gjennom skogen. Set seg på huk ved breidda, søkkjer hendene i kaldevatnet. Ser kor dei skiftar farge. Først raude, så kvitare, kvitare. Kulda døyver. Ei grein vippar der fuglen letta. Ho er var. Ein skal vere det.

Mor har byrja med maten. Veslesøster heng i eit knyte om bringa hennar, ligg og gryntar. Maria dreg fingeren over panna hennar. Kjenner det mjuke søkket i hovudet pulsere, lèt fingeren bli liggande der, mot pulsen. Eit hjarte under kraniet.

13 kommentarer:

Avil sa...

Åh. Eg gleder meg sånn.

Maryathome sa...

Jeg ble bergtatt av orda dine i denne bloggposten. At du skriver på nynorsk gjør at jeg opplever det du skriver ennå mer malerisk. Særlig de tre siste setningene. Jeg kunne kjenne at jeg var der. Vakkert skrevet!
Jeg leser gjerne mer:)

Elen Betanzo sa...

Eit hjarte under kraniet... Så utrolig fint!

Aina Basso sa...

Tusen takk for gode ord! Det oppmuntrar ei stakkars manusreviderande sjel.

Akeleiedamen sa...

mer! mer! Det er som å være der, kjenne hendene i det kalde vannet.....

Bai sa...

Du skriv så fint.

Agnes sa...

"No sit eg og revurderer manuset", trudde eg du skreiv. Det høyrdest ut som ein tung jobb. Eg hadde tenkt å skrive nokre oppmuntrande ord om at du nok sikkert ikkje treng å revurdere noko som helst. Men no slepp eg.

Aina Basso sa...

Takk, Bai og Akeleiedamen!

Agnes: Revidere kan vel fort bli til revurdere, kanskje? Skjønt, eg håper ikkje.

torbjørn hauken sa...

Flott smakebit! Må få lest debutboken din før den neste kommer!!

Tove sa...

Så kjekt at eg fann bloggen din!!! Eg er lærar på Ørsta ungdomsskule og har nettopp hatt leseprosjekt med 9.-klassingane mine. Mange av dei las "Ingen må vite" og skreiv bokomtale, som dei seinare framførte. Det var både gutar og jenter som las boka, og alle ville lese meir!!!! Difor er eg svært spent på om manuset du jobbar med er framhald av "Ingen må vite", eller om det er ei ny bok som skal leve sitt eige liv. Det hadde vore kjekt å fortelje elevane noko om dette! Skal jammen meg vise dei bloggen din!!!

Sjølv har eg ikkje lese boka enno, men det skal eg gjere! Elevane mine inspirerte meg!

Helsing ein drøymande ungdomsskulelærar med to bittesmå manus i magen.... Kanskje, ein vakker dag, at også eg kan kalle meg forfattar?????

PS! Lukke til med boka!!!!

Ingrid Svennevig Hagen sa...

Jeg gleder meg til å lese resten!

Elin sa...

Jeg istemmer: Gleder meg supermasse!

Aina Basso sa...

thauke2:
Ja, då må du henge i! Nei då, eg berre tullar. Du har god tid. Hyggeleg at du vil lese.

Tove:
Så hyggeleg! Det er ikkje noko fortsetjing av 'Ingen må vite' eg held på med, men i denne boka er delar av handlinga lagt til Tukthuset, slik at det på ein måte er ei slags fortsetjing likevel, sjølv om det er nokre år seinare.

Ingrid og Elin:
Tusen takk!