25. februar 2010

Manus

Ny fase i skrivinga, forhåpentleg den siste!

I dag har eg hatt møte med redaktør(vikar)en og fått fråsegna frå konsulenten. Eg har også fått gode råd og innspel til korleis eg kan gjere dette manuset betre, kva som må til, kanskje også kva som ikkje må til.
Eg håper eg klarer å få noko klart til utgiving til hausten. Det blir iallfall bok på eitt eller anna tidspunkt, spørsmålet er vel snarare når enn om.

Eg må også finne ein tittel. Arbeidstittelen fungerer ikkje, er for snever både for det eg vil uttrykke og dei lesarane eg vil nå. Og så må eg lære meg å skrive skikkeleg nynorsk! Eg har dårleg kontroll på passivformene og skriv konsekvent feil (eg er i det minste konsekvent... eh). Skjerpings! Nynorsk er vanskeleg, og av og til litt rart. Visste du t.d. at dei heiter 'å sjåast', men 'vi sest'? Er ikkje det underleg?
De får bere over med meg. Viljen er der!

No må eg bite tennene saman og ta fatt på manuset igjen. Eg skal ta føre meg utskrifta med kommentarar frå redaktøren og slette, skrive om, fylle ut, skrive saman, kanskje teste ut andre variantar av det fysiske tekstoppsettet. Nokre månadars hardt arbeid så håper eg vi har noko.

9 kommentarer:

aapedersen sa...

Du er ikkje aleine om å slite med nynorsken, eg vil og vil, men får ikkje til. Men språkvaskarene og korrekturlesarane må vel også ha noko å gjere? ;) Lukke til vidare med manusjobbinga!

Aina sa...

Godt å høyre! Vi får håpe vi blir stadig betre! Og takk og lov for språkvaskarar og korrekturlesarar!

Mettemor sa...

Så kjekt å ha fått innspel til korleis du kan arbeide vidare. Er ikkje det inspirerande?

Er det Samlaget du samarbeider med no òg? Eg er Samlaget-fan. Arbeidde der sjølv på 90-talet. :-)

Vi sjåast er heilt rett å skrive for meg ... eg er nordmøring, då, så eg sier det.

haustljos sa...

EG syg i nynorsk, men drit i det. Det er uansett finast.

Og: Weeee! Manus!

Aina sa...

Mettemor:
Ja, eg er på Samlaget. Det er inspirerande og utfordrande å få respons frå redaktørar og konsulentar.

Angåande nynorsken så er det mykje rart. Og i Samlagsbøker må ein følgje reglane.

Kristine:
Det ER finast. Og vi blir jo betre.
Og takk! Yay!

Lille søster sa...

Når det gjelder tittelen, så kommer den (forhåpentligvis) plutselig. Det gjorden den i hvert fall for meg.
Lykke til med alt sammen!

Aina sa...

Takk for det! Ja, eg håper eg plutseleg finn ein heilt utruleg bra tittel! Vips!

Gunhild sa...

Jeg liker hvordan du tar tilbakemeldingene på manuset. Som konstruktive innspill, grunnlag for videre hardt arbeid. Det er viljen til å gå disse rundene som må til, kanskje? Når manuset er skrevet ut, da begynner tungarbeidet? Det ville være interessant å høre mer om skriveprosessen din. Hvis du har lyst til å dele.

Aina sa...

Eg trur det er viktig å ta tilbakemeldingane frå redaktørar og konsulentar som nettopp konstruktive innspel og råd, snarare enn å bli snurt og fornærma viss det er noko ein ikkje liker. Eg tenker at det er betre å få desse tilbakemeldinga no enn frå ein misnøgd kritikar når boka er ute. Når det er sagt kan ein jo få dårlege kritikkar sjølv om ein har fått gode råd frå forlaget undervegs.

Eg skriv nok meir om skriveprosessen snart, hyggeleg at du er interessert.