11. februar 2010

Roma(nar)

Eg har så smått byrja gle meg og førebu meg til vårens reise til Roma. Ei heil veke skal eg vere der, dels tosam, dels einsam. I går brukte eg ein del tid på Google Street View der eg vandra rundt i området eg skal bu, zooma inn og ut av kartet for å få oversikt over både dei mindre delane av byen og den store heilskapen (eg tok også ein sveip innom 5th Avenue og Manhattan, men det får verkeleggjerast eit anna år).

Roma er ein nærast utopisk by for meg. Stappfull av venleik, prakt, sjarm og historie, og ein by som har eksistert så lenge at han har vore viktig for kunstnarar i århundrer. Kva kan ein ikkje oppdage i ein slik by!

No driv eg og tenker på kva slags reiselektyre eg skal ha med. Eg liker tanken på å lese om Roma både før eg reiser og medan eg er der. For ei stund sidan las eg Sigrid Undsets Jenny, som dels føregår i Roma, og eg har tidlegare kost meg med kunsttjuveri-bøkene til Iain Pears, som ofte også føregår i Roma. No treng eg meir! Og det er her de kjem inn.

Er det nokon som har gode tips til gode bøker med handling frå Roma som eg kan ta med på tur? Eit par bøker treng eg nok, særleg sidan eg skal vere der halve tida åleine. Og med det same kan eg jo spørje om det finst gode filmar frå Roma som kan tilrådast?
A Room With A View, berre i Roma hadde til dømes vore noko!

14 kommentarer:

brannfjell sa...

Hei! Jeg bor i Roma nå! Flyttet hit nettopp, jeg anbefaler praktverket Roma - 7 vandringer http://bokmerker.org/?p=4933 , i tillegg til et besøk til Almost Corner Bookshop http://bokmerker.org/?p=4969.

Hvis du liker second hand klær anbefaler jeg http://www.myspace.com/pifebo (de har to butikker i Roma, begge veldig kule).

Unknown sa...

Åh..

Det høyrest kjekt ut. Kjensla av å sjå på dei same tinga som folk såg for tusenvis av år sidan er fin.

Vil tilbake, vil tilbake!

Natalie Normann sa...

Roma er herlig - god tur! Du bør vel se Prinsesse på vift med Audrey Hepburn - skikkelig Romaklassiker.
Bøker? Hm - skrev ikke Dan Brown en bok fra Roma, tro?

Aina Basso sa...

Brannfjell:
Gjer du? Så herleg! Tusen takk for tips, dei skal eg sjekke ut. Særleg second hand er eg takksam for gode tips om. Og kule skobutikkar! Eg liker Camper-stilen veldig godt.

MagFly:
Slike stadar er magiske! Roma, Paris... åååh, no vil eg tilbake til Paris, også! Det får bli eit anna år.

Natalie:
God idé! Klart eg må sjå Prinsesse på vift!
Engler og demoner har eg både lese og sett filmen til, trur det held frå den kanten.

Fleire bra Roma-filmar?

Aina Basso sa...

Og apropos Prinsesse på vift - det finst ein roman! Den skal eg låne!

Heidi sa...

Du har fått en award; den ligger hos meg. Kanskje du har fått det før, men jeg synes neste hele bloggeverdenen har fått nå.

Nå som jeg tar latin kunne jeg også godt tenke meg å dra til Roma. Å undersøke byer med Street View var lurt!

Monica sa...

Ah, kult! Jeg skal innom Roma 28 februar til 1 mars, på vei til Terracina og skriveuke. Er så heldig å ha fått tildelt leilighet fra Gyldendal, og selv om jeg ikke har skrevet noe nytt eller har noen slagplan, blir det så deilig med masse tiiiiiid. Det syns sikkert du også. Og tid på et helt annet sted er jo bare fantastisk. Når reiser du?

Aina Basso sa...

Heidi:
Takk for det!

Monica:
Eg blir der litt seinare enn deg, men skal også til ei forlagsleilegheit, i Roma. Kjekt! Tek med meg macen, i tilfelle - eg skal vere der fire dagar åleine, då kan det jo hende det blir noko skriving!

Elles må du seie ifrå når du er i Oslo på noko, så vi kan møtast!

Gunhild sa...

Hvis du liker svart-hvitt 50talls-nostalgi, kan kanskje boka Rome + Klein og Fellini-filmen La Dolce Vita være noe? Kom akkurat over et D2 fra 29/1-10 der Kåre Bulie omtaler denne boka, som fotografen William Klein utga første gang i 1959, laget tett på Frederico Fellinis innspillinger. Roma er jo full av gamle ruiner, men dette kan kanskje gi et nær-historisk perspektiv på gatevandringene dine?

Aina Basso sa...

Takk for tipset, Gunnhild!

Hilde sa...

Sist eg var i Roma, las eg desse lyrikarane:
Salvatore Quasimodo, som fekk Nobelprisen i 1959, samt Giuseppe Ungaretti og Eugenio Montale.
Hugsar den gode kjensla av å sitje på den vesle balkongen og vekselvis skode utover Forum Romanum og lese italiensk lyrikk.
Anbefalast!

Aina Basso sa...

Takk! Skal ta ein tur på biblioteket og sjå kva eg finn!

Anonym sa...

Og skal det først vere Fellini, så er også Fellinis Roma verd å sjå, sjølv om den ikkje høyrer til dei beste han har laga. Var elles i Roma i to veker i 1991 og har aldri hatt noko ønske om å dra tilbake. Men slikt bør eg vel ikkje seie.

Dr. H

Aina Basso sa...

Takk for filmtipset, Dr. H. Det andre berre overser eg.