10. februar 2010

Brenner vs. Woolf

Eg er i grunnen ganske glad i Bokprogrammet på NRK1, med Hans Olav Brenner som programleiar. Nokre gongar er det meir interessant enn andre, naturleg nok. Dei freistar ha eit breitt tilbod, og det er greitt for meg, så lenge dei smalnar det inn i mi retning frå tid til anna.

Då eg såg siste utgåve av Bokprogrammet på nett-tv byrja eg å tenke på kven eg skulle ønskje dei kunne laga ei sending om. Dei har hatt gode spesialar om både Per Olov Enquist og Dag Solstad, men eg har ikkje sett min svenske favoritt Torgny Lindgren der enno, for å kome med eitt døme, ei heller min islandske favoritt Sjón, for ikkje å snakke om alle dei norske samtidsforfattarane eg elskar å lese, men aldri får sjå på tv.

Men utover det samtidige og det nordiske eller nordeuropeiske, kven hadde det vore stas å få sjå eit bokprogram om? Min første tanke var Virginia Woolf. Skal tru korleis ho hadde vore, kva ho hadde sagt. Hadde ho i det heile blitt med?

Viss du skulle velje fritt på øvste hylle, korleis ville ditt favoritt-bokprogram sett ut?

9 kommentarer:

Unknown sa...

Har så mange favoritter, så det er ikke enkelt.
Men skulle gjerne sett et portrettprogram om Kurt Vonnegut.
Men da UTEN Hans Olav Brenner.

Aina Basso sa...

Kven ville du hatt i staden, då?

Unknown sa...

Jeg liker Brenner. Ville gjerne sett ham intervjue J.D. Salinger...

Unknown sa...

Aina: Jeg vil ikke nødvendigvis ha en annen isteden. Men som jeg har sagt før: Jeg syns den fyren dominerer for mye i Bokprogrammet. Fjern alle sekvenser der du ser HOB kjører bil, går gatelangs, ringer på dørklokker, ringer, m.m. - og fokusér på intervjuobjektet.

kristin sa...

Jeg liker Brenner, men av de programmene jeg har sett har det vært litt for mye sånn mann-til-mann-tid. Høytidelige bokprogrammer er bra, men det kunne vært litt mer cirkus av og til, jeg tenker Selma Lønning Aarø og Tore Renberg?

torbjørn hauken sa...

Mener Brenner har hatt bra intervju med størrelser som Roth og Proulx, så jeg ville fått han avgårde på vei til McCarthy for å høre hvilken vei som er mulig å gå etter 'The Road'.

Aina Basso sa...

Mange gode forslag, her, ikkje så urealistiske, heller. Men kva med ein bokspesial med Shakespeare, til dømes? Tenk så gøy! Shakespeare og Ibsen i debatt! Eller Camilla Collett og Jane Austen!

Andre morosame utopiske forslag?

Unknown sa...

Eg kom til å tenkje på ein tekst av Frode Grytten. Den er ikkje komen ut enno, så her må det ein liten lekkasje til, frå Gryttens komande bok 50/50, dette er opninga av teksten «James Joyce vitjar Radio FMs Frokostshow og kjem ikkje heilt heldig frå det(transkribert utdrag frå sendinga fredag 26. mai 2006)»:

PROGRAMLEIAR: Han er irsk, han er tynn, han skriver dritfete bøker, og snart er han hos oss! Om litt kommer James Joyce deisende inn her på Radio FMs Frokostshow, og jeg må si at jeg gleder meg. Men før den tid: musikk!

Aina Basso sa...

Ø:
Hehe - morosamt! Den vil eg lese meir av!