6. februar 2010

Førsteperson?

Eg har vore på kafé med ei av dei beste, unge samtidsforfattarane og snakka skriving, lesing, tekst, førebilete, teknikk, handverk, visjon, sjanger, språk, idé, m.m., og fått inspirasjon.

Denne inspirasjonen prøvde eg å bruke då eg kom heim. Noko av det eg gjorde var å bytte synsvinkel i romanmanuset frå tredjeperson til førsteperson. I byrjinga fungerte det veldig fint, dei første scenene blei nærare og meir intense. Men så byrja det å kladde seg til. Plutseleg var det mykje eg ikkje lenger kunne seie om hovudpersonen, som eg før hadde stødd meg på, som utanfrå observasjonar. I tillegg var det ikkje berre berre å bytte ut ho med eg. Ein eg-person oppfører seg annleis i teksten enn det ein tredjeperson gjer. Det er ikkje til å kome unna. Eg måtte ha skrive om heile manuset. Og det trur eg ikkje eg skal gjere. Eg trur ikkje det vil funke denne gongen (heller).

Men nokre gode ting førte det likevel med seg. Så kanskje litt meir redigering er på sin plass utover kvelden?

6 kommentarer:

Marits Hus sa...

-Du er modig som skriver,sysler med tanken selv, skal straks låne meg "Ingen må vite".........Lykke til med Jeg-personen ;-)

Aina Basso sa...

Takk for det! Det er berre å gjere det, skrive altså.
Hyggeleg at du vil lese boka mi!

Blastocyst sa...

Så lenge det skjer på tydeleg og avgrensa vis, er det vel teknisk sett mogleg å variere mellom dei to aktuelle synsvinklane? Frå kapittel til kapittel, altså. Eller?

Men det er vel kanskje ekstremt vanskeleg å kombinere, for alt eg veit.

Aina Basso sa...

Eg trur ein må ha ein ganske god grunn for å skifte mellom eg og ho i same bok, frå kapittel til kapittel. Ein god grunn kan vere at ein skriv om to ulike personar, men viss ein meiner å skrive om eitt individ ser eg ikkje korleis det kan gjerast bra.

Men når det er sagt: ALT er teknisk muleg. Ikkje dermed sagt at det blir bra.

Lindkvist sa...

Og jeg blir så nysgjerrig på hvem du har vært på kafe med.

Aina Basso sa...

Å, ja! Det kan du få vite! Det var Mette Karlsvik.