5. januar 2010

tal: null null

Vakre Virginia

Overgangen frå 2009 til 2010 betyr òg at eitt tiår er omme, det såkalla 00-talet, og at eit nytt har byrja.
Eit tiår kan oppsummerast på så mange måtar. På det personlege planet vil eg seie at 00-talet byrja svært bra og slutta svært bra, men at der er nokre år på midten eg kunne vore forutan. Litterært sett har det vore ein einaste, lang oppoverbakke.

Milleniumsskiftet feira eg på mi heimsens øy, saman med gamle vennar, i sølvtopp, langt, svart skjørt og platåsko. To av dei lokale ungkarane og fiskarane hadde spleisa på fyrverkeri til ein verdi av 20 000 kr, og dette og ein heil del anna fyrverkeri stod vi i slapset på den gamle ferjekaia og såg på. Det var kaldt og surt, men fyrverkeria var fine. Ingen fly styrta, ingen datamaskiner kollapsa, men eg fekk Millenium-champagneglas av mamma og unnlet å kjøpe Robbie Williams-plata med same namn.

Skrivinga 

På den tida skreiv eg på mitt første skikkelege manus, Dropen. Eg hadde byrja våren 1999, før eg flytta til Trondheim for å studere. Manuset endra karakter i åra som kom, og enda som ein slags kortroman eg ikkje har orka lese dei siste fem åra-seks åra.

Historia til romanen eg skulle debutere med er mange gongar fortalt og repeterast berre kortfatta for nye lesarar: Eg skreiv ei masteroppgåve i historie om blodskamsbrotsverket på 1730-talet som blei ferdig i 2005 og brukte deretter historiene eg hadde funne i dei gamle rettssakene i ein roman, som blei anteken hausten 2007 og utgitt hausten 2008 under tittelen Ingen må vite.

Lesinga

På lesefronten har det også endra seg ein del dei siste ti åra. Frå å lese ei blanding av klassikarar og lettare underhaldningslitteratur har eg gått stadig meir over til å lese litteratur som høyrer til innan same hjørne eg sjølv vil halde meg i, samt å oppdatere meg på nyare norsk litteratur og større utanlandske namn, nolevande, som avdøde.

Dei største leseopplevingane mine i tiårets første halvdel var historiske spenningsromanar. Iain Pears, Et skilt ved korsveien og romanane Kurt Aust har skrive om Thomas af Boueberge og Petter Hortten er alle kriminalromanar lagt til det som iallfall for meg på den tida verka som truverdige historiske epokar og stadar, og som gav meg mykje glede. Eg las også Rosens navn, Umberto Eco, og ein del av romanane til Bergljot Hobæk Haf, med Renhetens pris som ein særskilt favoritt.

I tillegg las eg bøker av det meir klassiske slaget: Leo Tolstoj, Jane Austen, Henry James, Charlotte Brontë, samt ein del anna eg kom over, alt frå Val McDermid til John Irving.

Dei siste fem åra av tiåret har lesinga blitt stadig meir spissa og eg har lese mindre for å bli underhalden og meir for å 'lære' - lære å bli ein betre forfattar, kan hende. Og det har gitt meg utruleg mykje og gjort noko med blikket mitt, både for eigen og andres tekst. Eg er langt meir kritisk til det eg les, ser betre kva eg synest er godt og dårleg skrive, kva som er godt og dårleg språk, og har - dessverre, i nokre tilfelle - færre av dei gode leseopplevingane innanfor underhaldningssjangeren. Toleransen for platte banalitetar og utbrukte klisjear er stadig lågare.

Den store gevinsten er at eg har oppdaga mange flotte samtidsforfattarar, eg har oppdaga Virginia Woolf - eit enormt førebilete - og eg har oppdaga lyrikk! Desse siste åra har eg hatt stor glede av lyrikarar som Paal-Helge Haugen, Inger Christensen, Nils-Øivind Haagensen, Geir Gulliksen, Jon Fosse, Hilde Myklebust, Marit Kaldhol, Jon Ståle Ritland, Øyvind Rimbereid.

Eg har også hatt stor glede av samtidsprosaistar som Kjell Askildsen, Dag Solstad, Tomas Espedal, Karl Ove Knausgård, Marit Eikemo, Ingrid Z. Aanestad, Torgny Lindgren, Carl Frode Tiller, Trude Marstein, Mette Karlsvik, Rune F. Hjemås, Sjón, Hilde Kvalvaag, Marit Tusvik, Gunnhild Øyehaug og Ragnar Hovland, for å nemne nokre.


Korfor så mykje norsk samtidslitteratur? 

Ein lesar ved namn Simson spurte om eg kunne skrive noko om korfor eg les så mykje norsk samtidslitteratur. Eg trur eg kan svare ganske enkelt på det her: for å lære, for å orientere meg, for å halde meg oppdatert - og - fordi det finst så utruleg mykje bra på heimebane som talar langt sterkare til meg, til mine referansar, mitt liv, enn mykje utanlandsk litteratur kan gjere, og som berører meg sterkare som menneske.

Men eg les også utanlandsk litteratur og eldre litteratur, eg har til dømes stor glede av Sigrid Undset, særleg samtidsromanane hennar. Det er også ein utanlandsk, avdød forfattar som har hatt størst betydning for meg på 00-talet, og det er Virginia Woolf. Eg har aldri blitt blåse slik av banen som då eg las To the Lighthouse. 


No ligg eit nytt skrive- og leseår og -tiår for føtene mine. Kva som kjem er umuleg å seie. Eg håper berre det blir bra.

4 kommentarer:

Elin sa...

Du vet jo hva jeg mener om din debutroman. Det er får romaner jeg leser flere ganger. :-)

Lille søster sa...

Fin oppsummering av et tydeligvis spennende tiår!

Thomas Misund sa...

Kuriosa: Er det ikke vanlig å telle tiår 1-10, 11-20 og så videre?

Aina sa...

Eg meiner dette også var ein debatt ved overgangen frå 1999-2000. Om ikkje EIGENTLEG milleniumsskiftet var 2000-2001. Men dét var jo heilt på trynet.

Eg trur det kjem an på korleis ein tel. Viss eg tel alle åra frå 2000-t.o.m.2009 kjem eg til ti heile år, altså eit tiår. Men eg er no ikkje noko mattegeni akkurat.