3. januar 2010

Gamle biblar og primstavar


- Litt under ein månad igjen til eg skal sende nytt manusutkast til redaktør.

I skrivande stund sit eg på ei kvit øy med to gamle, gotiske biblar på bordet. Den eine frå 1913, den andre av ukjent alder, men atskillig eldre bibelomsetjing enn den førnemnte. Truleg er han frå kring 1850.

Eg har mellom anna skrive dette bibelsitatet inn i manuset:

Og jeg vil lade Under skee i Himmelen oventil
og Tegn paa Jorden nedentil,
Blod og Ild og Røgdamp.
Solen skal forvandles til Mørke
og Maanen til Blod,
førend Herrens den store og herlige Dag kommer.
Og det skal skee, hver den,
som paakalder Herrens Navn, skal frelses.

De hellige Apostlers Gjerninger, 2, 19-21

Er det ikkje herleg dramatisk?

Eg har også lese om gamle, norske merkedagar og om primstaven. Eg koser meg, no. Gamle biblar og primstavssymbol er midt i blinken for den første søndagen i det nye året. Den øvrige teksten tek også form. Kanskje boka er ute før haustjamdøger?

3 kommentarer:

Akeleiedamen sa...

herlig dramatisk, ja! Godt nytt skriveår!

Aina Basso sa...

Takk!

Elin sa...

Herlig, herlig! Gleder meg bare enda mer nå, altså!