6. januar 2010

Jakten på den utslitne klisjé

Kva er ein klisjé? Korleis ser han ut, korleis finn eg han, korleis unngår eg han?

Kan ei heil historie vere ein klisjé, kan ein karakter vere ein klisjé, eller er klisjeen utelukkande knytt til noko språkleg?

Er klisjear noko universelt? Er dine klisjear mine klisjear? Kan ein kome i skade for klisjear sjølv når ein iherdig forsøker å kome unna dei?

Er solnedgangshimmelen ein klisjé? Er kjærleiken ein klisjé? Er livet og døden ein klisjé?
Er det ein klisjé å seie at livet og døden er ein klisjé? Er eg ein klisjé?

Kva er den verste klisjeen du veit om?

Er det okei med klisjear? Er klisjeane det nye svart?

P.S. Visste du at ein klisjé eigentleg er ei trykkplate til bruk for gjengiving av bilete i høgtrykk og at omgrepet er henta frå trykkerikunsten?

1 kommentar:

Akeleiedamen sa...

klisjeer har noe udødelig og sterkt over seg......spør du meg. Samtidig irriterer de, for du blir ikke kvitt dem. Verste klisjè....den må jeg tenke litt på...!