8. desember 2009

Karl Ove og Tore

Tre sterke impulsar kjempar om overtaket akkurat no:
- lese meir av Knausgård
- skrive noko skilsetjande i romanmanuset
- skrive dette blogginnlegget

Knausgård ville vald å skrive i manuset. Der har vi forskjellen på oss.

I kveld var det duka for det Litteraturhuset sjølv omtalte som deira viktigaste arrangementet i år, nemleg møtet mellom to gamle vennar, der den eine (Tore Renberg) fungerte som samtaleleiar og stilte spørsmål til den andre (Karl Ove Knausgård). At dei vågar å kalle dette arrangementet det viktigaste, og slik setje storheiter som Jon Fosse, Dag Solstad og Kjell Askildsen fullstendig i skuggen seier noko om kva slags kraft Knausgårds sjølvbiografiske romanprosjekt har treft den litterære offentlegheita med denne hausten.

Samtalen fungerte godt, dynamisk, og blei balansert tung-lett, mørk-lys, fordi Renberg er ein "munter liten dverg" (sitat han sjølv) uansett kor alvorleg og grublande Knausgård måtte vere. Vi lo faktisk ganske mykje, ikkje alltid der vi skulle. Og Knausgård var jo flott, han. Las, snakka, smilte, lo litt, drog handa gjennom håret. Og Renberg var morosam, overraskande morosam. Det er nesten så eg angrar på at eg har sagt at eg aldri meir ville lese ei bok om Jarle Klepp. Viss eg ikkje kan lese ei bok om Jarle Klepp fordi det blir for sjølvbiografisk og nært forfattaren sjølv, kan eg heller ikkje lese Min kamp eller Knausgårds tidlege bøker.

Når det er sagt trur eg det er meir livskraft i Knausgårds prosjekt enn i Renbergs: å setje seg sjølv i ei slik klemme at ein "må" (han må jo sjølvsagt ingenting, reglar er enkle å bryte, kanskje bør dei også brytast, særleg når ein har sett dei sjølv og spesielt når ein har uttalt dei offentleg) skrive nokre-og-tredve (som han sa og salen lo) bøker om Jarle Klepp. Tenk kor lei han blir etter, sei, den attande boka! Eller den femtande. Eller allereie etter neste.

Slik sett har eg meir sans for Knausgårds metode. Han forsøker heile tida å unngå reglar, skrive fritt, ta fatt på stoffet undanifrå, skrive utan å vite om kva, nærme seg noko han ikkje veit om, bryte grenser, utfordre form og stoff og ikkje minst - seg sjølv. Det er noko fullstendig grenseoverskridande i det litterære prosjektet hans som vekker ei valdsam interesse i meg, no som eg så vidt har smakt på det, og som set til side alt som kunne vere usympatisk eller umoralsk (kven bryr seg om moral?!) i det.

At eg i kveld skjønte at Stian Landgaard truleg har rett i si tolking av Knausgård som ein 1800-talsmann som meiner kvinner skal ta seg av barna, medan han sjølv (den mannlege forfattaren) skal skrive, at Knausgård verkeleg er konservativ på så mange plan, at han er reaksjonær, ja endåtil imot forandring, bryr meg ikkje så veldig. For eg har tru på litteraturen hans. Han seier det ein ikkje får lov til å seie, i dagens litterære klima, særleg i andre bindet av Min kamp (som eg ikkje har lese), og det i seg sjølv er ein god ting, det bør applauderast, ikkje fordi vi er einige i dei reaksjonære syna hans, for all del!, men fordi det litterært sett er viktig at forfattaren ikkje blir meir oppteken av å tekkast sitt publikum, sine kollegaer, sine kritikarar eller si samtid, men har mot nok til å gå sine eigne vegar. Det beundrar eg hos Knausgård. Han er noko heilt for seg sjølv. I vår tid.

17 kommentarer:

Akeleiedamen sa...

og jeg har et dilemmma. I kveld satte jeg meg ned med boka "Ute av verden". tenkte jeg skulle ta fatt på Knausgård nå. Men det er jo også en murstein.. Og en venninne av meg sa at det var mye bedre å bare begynne rett på "kampen"- for å si det slik. Men så vil jeg ha med begynnelsen, da. Tror jeg lander på det.."I`m going in...."

Aina sa...

Ikkje noko dilemma: Byrje på Ute av verden. Eg trur ikkje du kjem til å angre.

Bharfot sa...

Jeg er veldig glad for at du prioriterte å skrive dette!! Var så nysgjerrig nemlig. Hadde lyst til å være der (men manglet billett, så dro til Blå). Litt deppa over å høre dette med kjønnskonservatismen, men. Nei, ikke litt. VELDIG deppa. Det virker så unødvendig, hos en ellers så selvkritisk, grublende mann, å falle ned på sjablonger mht kjønn.

Aina sa...

Det er vanskeleg for meg å seie noko om dette med kjønnskonservatismen, sidan eg 1. ikkje har lese andre bind og 2. ikkje kjenner Knausgård sitt personlege syn. Generelt synest eg sjølvsagt det er trist at/ om menn(eske) har slike syn, men litterært sett kan det ikkje bety noko, for politikk og litteratur må ikkje gå hand i hand. Ein forfattar er ikkje lik sitt verk, eller omvendt. Ein kan like litteraturen utan å like meiningane som presenterast.

Mikkel sa...

Jeg mener Stian Landgaard (og Aslak Nore) bommer fullstendig på den kjønnskonservative tesen. Den har også fått svært lite støtte hos andre anmeldere, og det er ikke fordi "likestillingsmafien" styrer, men fordi det er en forenklet lesning.

I bind to blottlegger Knausgård absolutt en frustrasjon for farsrollen, ja, kanskje mer enn noen annen forfatter, og han spytter ut at han er en 1800 talls mann som går med barnevogn. Men dette er ikke konservatisme. Det er ærlighet og innsiktsfullhet.

Det Knausgård viser i hele MK er ønsket om å blottlegge alle sine følelser, uansett hvor nedrige og simple. Selvsagt ønsker han tidvis å slippe å være en pappa, slik alle fedre gjør, og kanskje ønsker han det mye sterkere enn de fleste fordi han har denne trangen til å være alene og skrive, (som han deler med svært mange (både forfattere og andre (både menn og kvinner))). Han forarges også over det sterile svenske likhetssamfunnet uten dritt og drift og kamp, men mest av alt har han en trang til å være en god far. Hele verket handler om å ta et oppgjør med den dårlige faren, den fraværende faren, den utilregnelige faren, kort sagt den konservative faren. Det siste Knausgård vil være er den faren. Derved kampen.

Så vær ikke redd. Les og bli overbevist.

Aina sa...

Tore Renberg var den som sa dette, at Knausgård har eit konservativ, ja endåtil reaksjonært syn på verda, og at det var rart ingen frå venstresida eller feministane hadde reagert på det og skrive ein sint kronikk (t.d. Martine Aurdal). Knausgård var einig i at det var rart. Renberg sa at den litterære eliten er dominert av venstreorienterte, og at Knausgård bryt med dette, at han har eit konservativt syn både på familie, kjønn, osb. Knausgård sa seg einig, sa at han sleit då han hadde pappaperm, han klarte ikkje å bry seg heilt og fullt om barnet, han ville berre skrive.

Aina sa...

Det kom tydeleg fram at Knausgård er imot forandring, han sa det sjølv, at han er mot likskapsidealet i sosialdemokratiet, at han har brote med sitt tidlegare sosialistiske syn, at han lengtar tilbake til 15-1600-talets verd med alt det medfører, osb. Men at det ikkje er partipolitisk. Og så blei han vagare og vagare, til dei skifta tema.

thauke2 sa...

Du skriver: 'Han seier det ein ikkje får lov til å seie, i dagens litterære klima, særleg i andre bindet av Min kamp (som eg ikkje har lese), og det i seg sjølv er ein god ting, det bør applauderast, ikkje fordi vi er einige i dei reaksjonære syna hans, for all del!, men fordi det litterært sett er viktig at forfattaren ikkje blir meir oppteken av å tekkast sitt publikum, sine kollegaer, sine kritikarar eller si samtid, men har mot nok til å gå sine eigne vegar. Det beundrar eg hos Knausgård. Han er noko heilt for seg sjølv. I vår tid.'
Jeg går ut fra at du ikke bokstavelig talt mener han sier noe en ikke får lov til, men at han ikke er politisk korrekt, og at det blant utøvere og publikum i det litterære miljøet ikke har vært stuerent å ha såpass avvikende meninger og holdninger ( de som måtte ha det stemmer det du vet og leser iallfall ikke bøker). Det er mulig du har rett, men da er kanskje også tiden overmoden for noen som sprenger denne tisynelatende idyllen. Ja, muligens er dette faktisk en del av forklaringen på den voldsomme suksessen, selv om jeg tror at kikkermentaliteten totalt sett er viktigere. Minst viktig er det at dette er god litteratur, for da burde like mange ha kastet seg over de to første bøkenen hans!

Tehme Melck sa...

Kjenner meg igjen i dette med prioriteringen. Hvorfor i huleste gjør jeg dette? tenker jeg hver gang jeg begynner arbeidsdagen med å blogge. Blogging tar nemlig tid. Og egentlig skulle og burde jeg utføre inntektsgivende arbeid. Hvorfor bruker jeg da så mye tid på å blogge? Jeg har ikke noe godt svar.

Aina sa...

thauke2:
Eg baserer meg på det Renberg og Knausgård sjølv sa i dette med at han skriv det som det ikkje er lov til å skrive. Ettersom eg ikkje har lese Min kamp enno kan eg ikkje uttale meg om det på eiga hand. Eg meiner at det ikkje finst noko det ikkje er lov til å skrive. Knausgård kunne ha gått lenger. Det einaste det ville ført til er at færre ville lese han, at han ville nå eit heilt anna og langt smalare publikum. Eventuelt at han ikkje ville nå nokon. Verre er det ikkje.

Tehme Melck:
Ikkje eg heller. Men i dag skal eg skrive. Snart.

thauke2 sa...

Ja, etter loven har en heldigvis lov til å skrive nær sagt hva som helst, med visse (sovende?) forbehold, derfor spørsmålet om det var bokstavelig ment.
Forstår ikke helt utsagnet om at han ville fått færre lesere om han gikk lengre. Han går utvilsomt lengre i 'Min kamp' enn i de to første bøkene, og salget er jo mangedoblet. Så hvor går grensen mot det publikum ikke vil ha? I følge Dagbladet i dag sier jo K at bind 4 blir ekstremt, så vi får se.. Det gledelige med det hele er selvsagt at en som skriver så godt som K får så mange lesere, men det har sannsynligvis fint lite med tekstens kvalitet å gjøre, slik jeg ser det.

Anonym sa...

Vill ide: Kan noe av Knausgårds popularitet og alle mediaoppslag med store bilder skyldes at han ved å gro hår og skjegg har blitt det jeg vil kalle rimelig kjekk?

Aina sa...

thauke2:
Lat oss seie at han hadde vore ein ekstrem mann med ekstreme meiningar, som han tok heilt ut. Trur du ikkje då han ville appellert til ei smalare gruppe menneske enn slik situasjonen er i dag og støtt frå seg denne store lesarskaren? Det er jo t.d. ikkje så veldig mange som les nynazistlitteratur av oss vanlege menneske, utan samanlikning for øvrig!

Anonym:
Haha. Det er ikkje til å stikke under ein stol at han er blitt rimeleg kjekk, og det tel nok ikkje mot han, men eg trur ikkje vi kan skulde suksessen hans utelukkande på utsjånaden - i så fall ville vi sett og høyrt mykje meir til veldig mange, det finst (tru det eller ei) ei stor mengd vakre forfattarar av begge kjønn i norsk litteratur.

thauke2 sa...

Jo, om det å gå lengre innebærer å finne noe som er helt på siden av dagsorden og/eller interessefeltet i samfunnet, slik f.eks en bokstavelig dvs nynazistisk 'Min kamp' ville vært, er jeg enig, men jeg trodde du mente å skildre det han skildrer enda mer ekstremt, f.eks lurer han i første bind et sted på om han skal ta seg et runk, men han forteller ikke om det, om han nå gjennomførte det. Hadde han evt gjort det ville teksten i mine øyne blitt mer ekstrem, men jeg tror neppe han hadde nistet lesere , men sikkert fått enda et oppslag i Dagbla!

Redaktør: Bjarte Wivestad Engesland sa...

thauke2: Ref. dine kommentarer om kikkermentalitet og at den litterære kvaliteten synes underordna i resepsjonen (altså at tekstens litterære kvaliteter kommer i bakgrunnen?):

Om du ikke allerde har gjort det, les Bernhard Ellefsens anmeldelse av MK 1-3 i Morgenbladet (http://morgenbladet.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20091211/OBOKER/712119991).
Ellefsen hevder at MK er fiksjon tvers igjennom (ja, fortellinga kan kanskje til og med leses som en fortsettelse på en av Ks tidligere romanfigurer), det er ikke snakk om noen selvbiografi, og derfor blir spørsmål om kikkermentalitet også irrelevant - om det K skriver om faktisk har skjedd er ikke viktig, så lenge det er sannsynlig at det kunne ha skjedd.

Det er som litterær søken "mot den menneskelige eksistensens innerste kjerne" (MK 2) at verket (ja, den skal leses som ett verk) i Ellefsens lesning er interessant. Ellefsen er også opptatt av virkemidler og form, se anmeldelsen.

Selv har jeg ennå ikke lest romanen(e),men Ellefsens anmeldelse gjorde meg nysgjerrig i langt større grad enn innlegg/lesninger om Ks angivelige selvbografi. Litt flåsete kan man si at om hvovidt K runka eller ikke runka i virkelighetens,ja, det er revnende likegyldig for meg, det som betyr noe er om det får innvirkning på for hvordan teksten åpner nye rom, nye måter å se og tenke på.

Redaktør: Bjarte Wivestad Engesland sa...

(Dere kan se bort i fra "redaktør"-tittelen foran navnet mitt, det er bare noe tull med google-identiteten min, det er altså ikke meninga å virke pretensiøs:)

Aina sa...

thauke2:
Eg trur også han ville fått fleire oppslag, og om eg hugsar rett har han faktisk skrive eit eller anna svært inngåande om nett den lekamsdelen du nemner ein eller annan stad tidlegare. Eg meiner eg har lese eit sitat ein stad, men det kan ha vore i ein av dei tidlegare romanane, og dermed ikkje om 'han sjølv'.

redaktøren:
Korfor påstår Knausgård at det han skriv er røynd behandla som fiksjon, då? At det er eigne erfaringar og svært personlege opplevingar underlagt fiksjonens verkemiddel for forteljing? Lyg han? Gjer han det for å få meir merksemd? Er det ikkje sant at han skriv om sin eigen far, sin eigen familie, seg sjølv? Dessutan dukkar jo Henrik Vankel opp i Min kamp på eit eller anna tidspunkt, og viser seg dermed som ein annan enn forfattaren sjølv?