10. desember 2009

Menn som skriv som kvinner


Foto av Morten Wintervold stole frå aftenposten.no

Eg synest eg byrjar ane ein ny trend blant nokre utvalde få av dei mannlege forfattarane våre. Dei byrjar skrive om heimeliv, familieliv, om fødslar. Ein av dei (Tomas Espedal) er heilt tydeleg på at han har forsøkt å skrive som ei kvinne, at han har utforska det kvinnelege blikket, det kvinnelege språket (og postulerer dermed at noko slikt faktisk eksisterer). Ein annan, noko yngre forfattar (Morten Wintervold), skriv seg, ifølgje meldaren i Klassekampen, inn i det typisk kvinnelege (ibid.) i si siste diktsamling Oldemor, du er med barn.

"Ein mann som skriv kvinnespråk, altså," skriv meldaren og siterer følgjande frå samlinga:

sett fra kaia er ulka vakker
blant tang og stein
forkledd som tang og stein


men biter den på angelen
trekkes vekk fra sjøpølsa og
vippes over ripa
kommer den som morkake med gjeller
(...)

Ho gjer også eit poeng utav at Wintervold opnar med følgjande strofe

fødselståka inhaleres/ filtreres
gjennom en lunken lunge/ ei
tvungen tunge/ smør den
utover arket og se hva du får
(...)

Og kva med mannen viss namn er over alles lepper i desse dagar, og som endåtil dominerte den lange samtalen på gårsdagens gangfest på Samlaget, Karl Ove Knausgård? Har ikkje han innteke det "kvinnelege" doménet med denne kampen sin?

Men når det er sagt: Korleis ville mottakinga vore om til dømes eg hadde skrive den same tre tusen siders romanen fordelt på seks bind og kalla han Min kamp? Hadde du gått på Litteraturhuset og sett meg på storskjerm?

2 kommentarer:

mette sa...

det hadde eg. eg hadde gjerne ha lese tre tusen sidar av aina, om det er sant som eg høyrer at du har både skifta bleier, og hatt konservative syn på kjønnsrollene.

eg står framleis for det som eg sa til deg i går, som var at knausgård gjer i praksis, som han teoriserar omkring. han utfyller forventninga om "den macho forfattaren", den som skriv mye, kvantitet som kvalitet, osv. difor hadde det vore 3000 gonger meir spennande om ei kvinne gjorde det same.

Aina sa...

takk, mette! det kjem nok aldri til å skje. eg tviler på at min samla produksjon nokon gong vil kome opp i 3000 sider.