Eg har alltid likt å tenke ut reiselektyre, og eg har ofte brukt å taime lesinga mi slik at eg les ut dei påbyrja bøkene før eg fer avgarde, slik at eg kan ta med noko flunkande nytt og uopna på tur.
No har eg nokre titals sider av Genanse og verdighet igjen før eg har plass til meir. Men kva skal eg velje denne gongen?
Ettersom alle skryt slik av Knausgård, har eg tenkt at kanskje også eg må lese noko av han for å sjekke kva alt ståket handlar om. Men eg har tenkt å byrje på byrjinga. Difor er Ute av verden ein aktuell kandidat til kofferten. Men kva om eg ikkje liker Knausgård? Kva om eg, som nokre av kritikarane, synest han skriv passasjevis for langdrygt og uinteressant? Kva om eg merkar at eg verkeleg ikkje orkar dette, ikkje no, kanskje aldri? Jau, då må eg ha ei bok å variere med, eventuelt gå fullstendig over til. Denne må helst også vere av det slankare slaget.
Her er alternativa (i tilfeldig rekkefølgje):
1. Kjersti Rorgemoen - Purkene snudde seg
2. Per Petterson - Ut og stjæle hester
3. Rune F. Hjemås - Indianarar
4. Marit Tusvik - Deilig er jorden
5. Sigrid Merethe Hanssen - Ingen heime
6. Bjarte Daviknes Klagegg - Heliumhjarte
7. Marit Eikemo - Arbeid pågår
8. Ellisiv Lindkvist - Alt jeg skriver er sant
9. Joakim Kjørsvik - Åpenbart ingen nabo
10. Selma Lønning Aarø - Venstre hånd over høyre skulder
Har du lese nokre av desse bøkene? Kva tilrår du?
30. november 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
14 kommentarer:
Jeg har ikke lest noen av dem, men ville umiddelbart valgt 1 eller 8, sannsynligvis løselig basert på inntrykk fra anmeldelser og omtale.
Nummer åtte!
Eg ser at frk. Lindkvist siglar opp på ein foreløpig sterk førsteplass her. Fleire?
2 og 5
Nr. 2 kan eg anbefale. Og nr. 4, 8, 9 og 10 har eg på ønskelista mi.
Jeg har lest nr 10, og hadde en fin leseopplevelse. Fin, ikke sensasjonelt fin, men fin.
Har lest 1,3 og 4 og anbefaler 3 og 4.
Har lese 1, 2, 3, 4, 7, 8, 9, 10, og tilrår 1 på det varmaste/sterkaste! Kandidat 1 er i tillegg den slankaste og koffertvennlegaste av alle desse alternativa.
Her var det mange gode forslag, og eg vil presisere at eg kjem til å lese alle desse bøkene uansett, spørsmålet er berre kva for ei som er best eigna til å følgje meg i handbagasjen og vere ei motvekt til kraftige Knausgård, som vi seier på Sunnmøre.
Eg ser her at Agnes for ein gongs skuld har kome på banen med ei sterk tilråding, og eg kan seie at per no er det nettopp Purkene som ligg øvst i bunken. Ikkje berre fordi eg har lyst til å le litt ( det har eg jo sjølvsagt, også), men fordi Kjersti Rorgemoen har sagt noko veldig flott i eit intervju: Nemleg at det ikkje naudsynleg er lettare å skrive kort.
Det kan ein jo ikkje anna enn å vere einig i.
Det er en velkjent sannhet at det ikke er lett å skrive kort. Blaise Pascal sa en gang: "Jeg hadde ikke tid til å skrive kortere."
Eg ville tatt med Rorgemoen, Hjemås og Lindkvist. Lindkvist-boka funka ikkje perm-til-perm for meg, men er ei av desse fantastiske "opp av veska og lese i eit kvarter og ha glede av det"-bøkene, som ein alltid burde ha med på reis.
Når det er sagt, vil eg gjerne seie at eg byrja å lese Knausgård (Ute av verden) i går, og at eg er hekta. Og at det er noko urovekkande over å byrje på ei 700-siders bok og føle at ein eigentleg bør lese kjempesakte, lese setningane skikkeleg, ta innover seg stemningane og refleksjonane.
Av de du nevner, har jeg kun lest Ute av verden, og Ut og stjæle hester.
Likte første halvdel (sånn omtrentlig) av Ute av verden utrolig godt. Måten han skaper en forståelse for hovedpersonens situasjon og handlinger er virkelig godt skrevet.
Ut og stjæle hester er trolig den beste norske boka jeg har lest. Det er noe Steinbecksk over den rolige rytmen i boka, beskrivelsene av de enkle ting.
Jeg har lest Ut og stjæle hester og Venstre hånd over høyre skulder. Av de to ville jeg gått for den sistnevnte, siden jeg syntes Ut og stjæle hester var drepende kjedelig, mens Venstre hånd over høyre skulder likte jeg godt.
Legg inn en kommentar