25. oktober 2009

Mord, kjærleik og kinesiske sjal

Eg har tidlegare skrive om min kjærleik til gullalderkrim, altså særleg britiske, klassiske kriminalromanar frå 1920-talet og framover eit par-tre tiår. Nokre kjekke dagar den siste veka har eg kost meg med ei slik bok, nemleg The Chinese Shawl av Patricia Wentworth, som kom ut første gong i 1943.

Settingen er klassisk: Vi har den unge, kvinnelege hovudpersonen, nettopp fylt 21, foreldrelaus og med ei viss formue. Så har vi dei eldre, fjerne slektningane som vil kjøpe det store huset den unge kvinna eig, ein dose kjærleik og sjølvsagt - ein dose mord.

Handlinga er stort sett lagt til eit gammalt herskapshus på landet, der ein liten gjeng er samla, der intriger blomstrar og der alle er potensielt mistenkte i mordsaka som følgjer.

Denne boka var riktig underhaldande og spennande, og eg skjønte berre nesten kven mordaren var før det blei avslørt. Ikkje ei Agatha Christiesk sjokkoppleving då mordaren blei avslørt, men slett ikkje verst.
Tilrådast!

4 kommentarer:

Lille søster sa...

Takk for tipset! Ikke så lett å få tak i disse bøkene kanskje?

Aina Basso sa...

Ein kan få tak i dei på engelsk via Amazon, mv.! Dei er nyopptrykte i nydelege utgåver.

Elles er det vel antikvariat og bibliotek som er tingen. Vi i Oslo er heldige på bibliotekfronten. Mi er ei gammal utgåve som eg har fått av bloggaren Skrift.

Anita sa...

Denne hørtes ikke verst ut! Takk for tipset!

Lille søster sa...

Jeg fikk også en fra Skrift som jeg har lest. Fint å høre at de trykkes opp på nytt.