8. september 2009

Research. Dag 4

Framleis i ubåtbunkersen på Nyhavna i Trondheim. 

Fangeprotokoll nr. 1 frå (1737) 1745-1824 dukka opp i går, og eg har gjort mine transkripsjonar, med hjelp til å tyde vanskelege ting som "1 gl. Randet trøye", "1 gl: blaaebind trøye", "4 gl: Strimler" og "1 gl: Strimmel med Knipl foer". 

Eg har undersøkt Byrettsprotokoll frå 1737 og protokoll frå Rådstueretten i 1737, men har ikkje funne noko. Ventar no på ein skifteprotokoll frå 1771, som forhåpentleg skal kaste lys over buet til ein viss prost som døydde dette året. Kva eigde han? Kva slags interiør hadde prostegarden og kva slags verdiar? 

I morgon er research-turen over for denne gong, og eg tek toget heimover, i retning den vesle øya. Eg reknar med å måtte ta ein ny tur hit i morgon for å fullføre arbeidet med Skifteprotokollen, og er glad eg har nokre timar før toget går på ettermiddagen. 

Eg har elles sett på gamle Trondheimshus på Sverresborg museum, lese Trondheimshistorie og drukke kaffi med min tidlegare rettleiar og professor i historie her på Statsarkivet. I tillegg til sosiale og hyggelege aktivitetar med gamle, gode vennar, så klart. 

2 kommentarer:

heklehatt leser sa...

du driver rett og slett med skikkelig research, aina - gøy å se! lykke til med de siste detaljene, og god tur hjemover:-)

Aina Basso sa...

Takk for det!