4. september 2009

Research. Dag 2

Eg er i min kjære gamle studieby Trondheim for å gjere research. 
I dag regnar det og eg sit på DORA 1, den gamle ubåt-bunkersen på Nyhavna som i dag husar Statsarkivet i Trondheim, IKA Trøndelag og Trondheim byarkiv. Det er nytt og fint og stilt. Eg sit på ein stor lesesal saman med to andre. Sørvisen er upåklageleg, det er noko med arkivfolk, dei er idealistar, dei liker å hjelpe andre, særleg dei av oss som kjem med andre ærend enn dei mest ordinære (les: slektsgransking). 

Eg har følgjande på pulten:

Litteratur:
Erlandsen: Biographiske Efterretninger om Geistligheden i Throndhjems Stift, samt Register til Erlandsen
Reidar Bolling: Norges prester og andre teologiske kandidater.

Arkivkjelder:
Trondheim byskriver- og byfogdembete. Bytingsprotokoll nr. 38, 1733-1737.

Det er berre å setje i gang. 

Merknad: 
Ei lita krise har oppstått. Fangeprotokoll nr. 1 frå Trondheim Tukthus er borte. Eg håper han dukkar opp, at han er forlagt på eit bakrom eller kontor og ikkje forsvunnen. Eg merkar eg får vondt i magen ved tanken på at nokon kan ha snike han med seg heim. Korleis har dei fått til det? Det er eit mysterium. Staden er godt vakta og det er ikkje tillate å ta med vesker eller sekkar inn på lesesalen. 

2 kommentarer:

heklehatt leser sa...

Får håpe den dukker opp, Aina! Ting har en tendens til å bli forlagt på de merkeligste steder - det kan vel skje selv i et arkiv, tror du ikke?

Aina Basso sa...

Vi får sjå på mandag! Men dei fann iallfall ei slags avskrift, ikkje ei nøyaktig avskrift, men ein gjennomgang av alle innsette med namn og datoar og slikt.