Eg har tidlegare skrive litt om mitt forhold til lydbøker.
For å samanfatte i korttekst: Det er ambivalent.
Eg liker å høyre forfattarar som Kjell Askildsen lese eigne bøker, eg liker ikkje å høyre einskilde skodespelarar lese einskilde bøker. Er bøkene dårlege, er det ei liding, ei større liding enn å lese sjølv, fordi ein trass alt kan skumme når forheld seg til tekst og likevel få med seg noko av det viktigaste. Men også gode bøker kan vere ei liding på lydbok, eit godt døme er ei av Dag Solstad eg ikkje vil namngi for å ikkje henge ut nokon.
Men nokre lydbøker liker eg. Eg liker til dømes å høyre den britiske skodespelaren Phyllida Law lese To the Lighthouse og Mrs. Dalloway av Virginia Woolf. Likeins liker eg å høyre nok ein britisk skodespelar, Samuel West (kjent m.a. som Leonard Bast i filmen Howards End) lese Peter Pan.
Og no var det altså min tur. På ordentleg. I går fekk eg tilsendt eit eksemplar av lydboka Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek har spelt inn av Ingen må vite. Og eg måtte sjølvsagt høyre, med det same. Så dei siste to og ein halv-timane av gårsdagen brukte eg på å høyre Therese Hugøy lese mi eiga bok.
Og korleis var det? Å høyre nokon andre lese eins eigen tekst? Denne teksten eg har styrt slik med, flikka og stroke og lese høgt for meg sjølv, for å få rytmen nett slik, ikkje gjenta meg sjølv, ikkje bruke dei same orda fleire gongar i same avsnittet? Jau, det var faktisk skikkeleg fint. Ho som las har ei nydeleg sognedialekt. Og dei som kjenner meg godt veit at eg har ei svakheit for nettopp sognemål. Det er noko med konsonantane, med diftongane. Ho kunne lese nynorsk, slik nynorsk skal lesast. Ho las det ganske sakte, tydeleg, ho levde seg ikkje for mykje inn i teksten (slik ein del skodespelarar gjer og dermed øydelegg mi eiga oppleving fullstendig), men ho levde seg litt inn i han, las saktare der det burde vere saktare, og mjukare der det burde vere mjukare.
Eg skjønte kor godt eg kjenner min eigen tekst når eg oppdaga kvar einaste av dei få gongane ho las eit ord feil. Eg kunne tenke: har eg verkeleg skrive "kave med dei kavete lemmane"? Var det ikkje "kalvete" der stod? Og: har eg skrive "beltestakk"? Sikker på det ikkje var "bestestakk" det skulle vere? Men det var småtteri. Slike ting som ikkje betyr noko i det store og heile. Lydboka er jo heller ikkje til kommersielt bruk.
Eg er glad for at ho finst. Ho var fin.
22. juli 2009
Å høyre nokon lese ei bok
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
Er det ikke egentlig litt sjarmerende at hun av og til leser feil? Det blir på en måte et virkelig bilde på hvordan vi leser; vi skummer, hopper over ord, leser feil. Legger trykket andre steder enn hva forfatteren hadde tenkt.
Selv er jeg ikke særlig glad i lydbøker. Jeg synes stemmen og tolkningen til den som leser ofte kommer i veien for teksten. Også går det jo så sakte!
Tenk at blinde og svaksynte nå kan få lese boka di! Jeg merker jeg blir glad i hjertet mitt av det.
Ja, eg blir også glad i hjartet mitt av det!
Dritkult. Faktisk. Verkeleg.
Song for Eirabu kjem nok aldri på lydbok, men eg tek meg i å lure på kva slags dialekt eg best ville likt at opplesaren hadde.
Oddadialekt, trur eg.
Tja, sei ikkje det! Korfor skulle ikkje Song for Eirabu kome på lydbok? Skal sjå ho blir utgitt på Lydbokforlaget med tid og stunder!
Legg inn en kommentar