20. juli 2009

Lydboka mi, del II

Etter tips frå Silje E. Fretheim, forfattaren bak Tilfeldigvis. Arial Footlights forhistorie, har eg kontakta Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek angåande lydbokversjonen av Ingen må vite.

Eg fekk svært hyggeleg svar tilbake. Dei vil sende meg eit eksemplar av lydboka i posten! Dette blir veldig spennande.

Lydboka er ei såkalla Daisy-bok, det vil seie at ho består av mp3-filer og anten kan spelast av på ein pc eller på ein cd-spelar som kan lese filer i mp3-format. Og for dei som ikkje har fått dette med seg, er dette einast ein biblioteksversjon og ikkje ein lydbokversjon av Ingen må vite som er til sals eller i det heile tilgjengeleg utanom for lånarar på Lyd- og blindeskriftbiblioteket. Eg veit heller ikkje om kven som helst får låne der.

Oppdatering kjem når eg har fått lydboka og høyrt henne! Korleis blir det, tru? Og eg som er så kresen på lydbøker!

2 kommentarer:

Elin sa...

Kun brukere av Lyd- og blindeskriftbiblioteket får lov til å låne derfra. Ikke en gang andre bibliotek får fjernlåne fra dem.

Aina sa...

Nei, eg tenkte meg igrunnen det.