Dei fleste forfattarar fortel om skrivebordsskuffe-manus.
Dette er typisk dei første, inspirerte romanane dei skreiv, som altså aldri kom lenger enn til skrivebordsskuffa. Kanskje sendte dei det inn til eitt eller fleire forlag, men fekk det refusert, kanskje kom det aldri så langt.
Det verkar som om dei aller fleste har eitt eller fleire slike manus liggande.
Og det var i denne samanhengen venninna mi kom med den geniale ideen:
Korfor ikkje berre hoppe over det første manuset og gå rett på det neste? Sidan dei fleste opplever at det første manuset dei skriv ikkje blir godt nok til utgjeving, korfor ikkje berre skrive det første, legge det vekk og byrje på neste? I staden for å gjennomgå utallige rundar med umottakelege forlag, refusjonar og smerte?
Eg synest det var ein glimrande idé, eg. Så det er herved tilrådd alle som skriv:
Hopp over det første, uansett kor godt du synest det er, og gå rett på neste.
Viss det første verkeleg er godt, kjem du til å oppdage det etter at det andre du skreiv gjorde at du blei anteken.
18. juli 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
15 kommentarer:
he-he - godt tips! Men hva hvis man bare har denne ene idéen? (til det er svaret: kanskje heller ikke den er god nok, legg den vekk og så dukker det opp en ny... Eller hopp over den og skriv en skikkelig dårlig bok, legg den i skrivebordsskuffen og ta frem den første idéen igjen. Nå har du jo fått en hel boks trening!)
Berre ein idé? Nei, det trur eg ikkje noko på. I så fall får ein jo berre skrive ein roman i sitt liv, og det er vel ganske trist, eller kva? Eg trur der finst fleire idear, hos dei fleste som får gitt ut noko.
Men eg måtte skrive av meg den første ideen min før det kom fleire. Så eg streva med eitt manus i fleire år før eg la det vekk for godt og skreiv Ingen må vite. Og eg skal love deg at eg er glad eg ikkje debuterte med det første manuset mitt. Men eg lærte veldig mykje av å skrive det. Og veldig mykje av å legge det vekk og starte på nytt. Det var då det losna for min del. Heile det første manuset var ein einaste stor darling! :)
hm, må innrømme at jeg fortsatt har håp for mitt første manus som jeg skriver på nå. Men jeg er også forberedt på å legge det bort en stund etter at jeg er ferdig med førsteutkastet. Kanskje greit å begynne på et nytt manus og *så* begynne å sende ut det første? Så hvis/når man får avslag så er det lettere å tenke "Pyttpytt, jeg har jo et annet prosjekt og"?
Hm, ja jeg håper nok også det er håp for mitt første manus - men jeg ser poenget med darlings og at man kan se seg blind på en id´€. Kan godt være det løsner hvis jeg bare får skrevet meg ut av dette. Noen ganger føler jeg det løsner litt hvis jeg bare får skrevet meg ut av en scene også. Vel, jeg får bare fortsette, så vil tiden vise om det blir dette eller noe annet som sendes inn!
Eg veit jo sjølvsagt ingenting om kva de held på med, eller om den faktiske statistikken som finst på dette. Men det er veldig mange som ikkje blir anteke på sitt første manus og som i ettertid er veldig glade for det, fordi dei - etter å ha skrive av seg mykje rart - endeleg skjønte det, noko losna.
Dei einaste eg har høyrt om som ikkje har hatt det slik er dei som har gått på skriveskule og flikka av seg alle darlingane der. Dei er for øvrig i fleirtal av den yngre generasjon forfattarar, verkar det som.
Tja, det kommer kanskje veldig an på hva slags bok man skriver og hvordan man går fram. Det de lærer på skriveskoler er jo mest å være kritisk til egen tekst, å ikke være redd for å kutte, å ikke være gift med hver linje. I tillegg leser de hverandres tekster kritisk hele tida. Så hvis man klarer å være selvkritisk og lar andre lese og kommentere teksten underveis, så tror jeg mye kan vinnes på det. Men det er jo selvsagt sant at mange skriver flere førsteutkast til en roman før de finner noe som treffer.
Jeg tror at jeg uansett vil se på det som en stor personlig seier om jeg klarer å skrive ferdig en hel romantekst, uansett om noen vil ha den eller ikke. :) Og jeg har mange flere ideer, så det er jo bare å skrive på.
Det er ein stor siger å skrive ferdig eit heilt manus, anten det er ein roman, diktsamling, novellesamling, kortprosa eller kva-det-måtte-vere!
Det eg har syntest har vore vanskeleg med å lære alt sjølv, er å få det rette kritiske blikket frå andre. Vennar er snille, vennar treng ikkje vere litteraturvitarar eller ha peiling på skriving. Vennar tør ikkje seie sårande ting. Og korleis kan ein vite om ein kan stole på dei når dei seier det er bra? Og korleis kan ein vite om dei tør å stole på si eiga meining viss dei synest noko ikkje er bra?
Det var først då eg fekk ein forfattar til å lese teksten min og kome med innspel at eg skjønte noko i det heile. Ein erfaren forfattar, som har halde ørten skrivekurs og hatt førelesingar på skriveskular. Og så tok eg endeleg eit skrivekurs. Og då skjønte eg endå meir (det var forresten der eg møtte heklehatt :)
Det kritiske blikket utenfra er utrolig viktig ja. Det er kjempevanskelig å vurdere sin egen tekst.
Hvilket skrivekurs gikk du på? Jeg har sett at fx Skrivekunstakademiet har både helg- og sommerkurs.
Eg gjekk på sommarkurs med Skrivekunstakademiet. Det var eit veldig ujamnt nivå på det kurset, så ein del ting blei veldig basale, men eg lærte nok til å føle det var verdt det. Og fire månadar seinare blei eg anteken, på manuset eg skreiv ferdig etter kurset, med nye råd i bakhovudet.
Tror ganske sikkert jeg skal prøve å komme meg inn på det sommerkurset til neste år. Vurderer også å søke på Aschehougs forfatterskole. Det som er litt dumt med å søke der at man ikke kan levere tekster man har skrevet tidligere, men må skrive en ny basert på en oppgave de gir og det er jo ikke alltid like gøy. Men det er vel bare å ta det som en utfordring.
Å, jau, det trur eg er mykje artigare! Det er jo då du lærer, då du frigjer deg og ser kva potensiale som finst i deg! Å vere opphengt i gamle tekstar treng ikkje føre deg vidare, det er jo det som er poenget mitt :)
Ja, men på minussiden er man jo ikke alltid like energisk og blomstrende kreativ. Litt kjipt om de fire ukene du har på deg til å skrive oppgaveteksten er en dårlig periode. På en annen side kan det jo være en fin anledning til å utforske nye ideer som du sier. Hm, merker at det klør i fingrene etter å komme hjem til manusene mine nå. :)
Nei, det trur eg går bra! Tenk på for eit kreativt og inspirerande miljø du vil vere i!
Det første manuset mitt har jeg allerede utgitt (heldigvis), men jeg vurderer å hoppe over "den vanskelige andreboka" :-)
Sjå der, ja!
Eg visste der fanst unntak. Nett som der finst folk som skriv bøkene sine kronologisk.
Dette til oppmuntring for dykk der ute!
Og ja, hopp over den vanskelege andreboka, du. Gå rett på den tredje.
Legg inn en kommentar