17. juli 2009

Lydboka mi

Eg reknar med det skjer med alle bøker, men det var likevel ei glede å sjå at Ingen må vite er lesen inn som lydbok i regi av Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek.

Lydboka er innlesen av skodespelaren Therese Hugøy og varer i 2 timar og 33 minutt. Tenk det. Det er ikkje så lenge.
Eit par år å skrive, eit par timar å lese.

Det hadde vore morosamt å høyre henne. Kanskje eg kan få låne av dei, sjølv om eg ikkje er syns- eller lesehemma?

11 kommentarer:

Dipsolitteraten sa...

Det må vel være en glipp. Får ikke forfatteren etpar fri-eksemplarer?

Aina sa...

Så vidt eg skjøner er dette ein del av bibliotekstenesta i Noreg. Det er altså ikkje til sals, men til utlåns. Og det er jo berre flott. Eg reknar med det er dekt inn av innkjøpsordninga på eit eller anna vis. Eg skal uansett undersøke litt. Hadde jo vore artig å høyre si eiga bok på lydbok.

Dipsolitteraten sa...

Ja, kan ikke forstå annet enn at du er veldig spent på hvordan det høres ut!

Aina sa...

Nei, det er heilt klart veldig interessant!

Eg har jo eit ambivalent forhold til lydbøker i utgangspunktet, eg synest ofte at skodespelarar ikkje les tekstane slik eg som lesar meiner dei burde blitt lesne. Så korleis vil det så vere med ein tekst eg sjølv har skrive? Trur eg må freiste å tak i denne lydboka så snart som muleg, så eg får finne det ut.

Lille søster sa...

Så flott at boka di kommer på lydbok!
Noen lydbøker er irriterende, andre er kjempeflotte. Det må være rart å høre noen lese fra boka si!

Silje sa...

Kjæresten min kontakta NLB og spurte om det gikk an å få fatt på boka mi uten å være blind eller svaksynt. De gikk fint da han sa den var til forfatteren - de sendte en kopi på CD (eller DVD, eller hva det nå var). De sa det ikke var uvanlig at forfattere var nysgjerrige og tok kontakt.
(Boka mi er forøvrig 23 timer og 21 minutter på lyd. Fremdeles litt lengre enn det tok å skrive den, men ...)

Aina sa...

Lille søster:
Ja, eg tippar det vil vere merkeleg.

Silje:
Så bra! Det skal eg også gjere!

heklehatt sa...

neimen gratulerer! så fantastisk gøy? men ble du ikke spurt på forhånd?

Hilde sa...

Kult! Det er jo knall!
Men så rart at du ikkje visste om det på førehand?
Forlaget må jo ha visst det?
Eg kjenner ein som er blind, og veit kor viktig det er at gode bøker vert omsette til lydbøker - bra, bra!

Tehme Melck sa...

Gratulerer! Du får nok dine frieksemplarer.

Aina sa...

Eg reknar som sagt med at dette er ein del av innkjøpsordninga til biblioteka, ei tilgjengeleggjering av litteraturen for dei som ikkje kan få nytte av han via vanleg tekst. Dei gir vel ikkje beskjed om ei bok blir gjort tilgjengeleg i blindeskrift, heller, gjer dei? Så eg trur nok ikkje eg får frieksemplar, dette har jo ingenting med sal å gjere.

Men det er uansett flott! Eg håper ho får mange lånarar.