4. mai 2009

Bøker eg berre lese (seiast det)

Sverre Henmo
Bøker eg allereie har liggande:

Jens Bjørneboe: Drømmen og hjulet (om Ragnhild Jølsen. Ligg allereie klar på nattbordet)
Sverre Henmo: Natt i Frognerbadet (fekk KKDs litteraturpris 2008 for beste barne- og ungdomsbok. Leiar i NBU, knasande triveleg kar som skal ha store litterære kvalitetar)
Ragnar Hovland: Fredlaus (som eg før har fortalt at av nokre blir rekna som Hovlands beste bok. Eg har vore heldig og fått eit signert eksemplar av forfattaren. Veldig kjekt)
Lars Petter Sveen: Køyre frå Fræna (vinnar av Tarjei Vesaas debutantpris 2008)

Bøker eg ikkje har:

Robert Louis Stevenson: Mr. Jekyll and Mr. Hyde
Inger Christensen: Alfabet (eigentleg burde eg vel lese alt)
Jon Ståle Ritland: Vannmerker (poesi frå ein augelækjar)

Noko av desse forfattarane:

Helle Helle
Per Petterson
Bjørn Sortland

Nokon eg har gløymt? Ja, veldig mange. Men ein kan ikkje ta alle i ein jafs.

Apropos lesing, så held eg for tida berre på med ei bok, og det er Sveve over vatna av Ragnar Hovland, som eg har kome omlag halvvegs i (det er ei ganske tjukk bok, men lett å lese). Eg har veldig lyst til å lese Drømmen og hjulet, no som eg er inne på - og i - Ragnhild Jølsen og hennar univers, og eg har også lyst til å lese meir barne- og ungdomslitteratur, for det er det ei stund sidan eg har gjort. Eg tenker eg byrjar på ungdomsromanen Natt i Frognerbadet ganske snart.

Kva må du lese?

5 kommentarer:

Thomas sa...

Drømmen og hjulet er en utrolig vakker bok. Gled deg!

Aina Basso sa...

Flott å høyre! Eg gler meg! Kanskje byrjar eg allereie i kveld.

Silje sa...

Jeg skal definitivt lese Sveens "Køyre få Fræna". Vi var på samme debutantkveld på Mono i Oslo i fjor vår. Jeg hørte ham lese novellen «Bankeånd» (om et par som har mistet barnet sitt), og hadde tårer i øynene da jeg selv skulle opp og lese etterpå. Jeg har gitt boka i gave til faren min, og planlegger å tjuvlåne den tilbake.

Aina Basso sa...

Så bra. Eg kjem nærare tilbake til saka ved eit seinare høve!

Anonym sa...

Akkurat nå holder jeg på med Revolutionary Road av Richard Yates, Is-slottet av Vesaas og Alfabet av Inger Christensen.

Ventende ligger The Blindfold av Siri Hustvedt, Slik sett av Eldrid Lunden og Azorno av Inger Christensen.

Bøker jeg _må_ lese snart er vel en hel del av denne vårens debutanter som fx Tommy Skoglund og Johan Mjøen.

Klassikere jeg stadig tenker jeg må få lest snart er blant annet:

Middlemarch av George Eliot, The Great Gatsby av F. Scott Fitzgerald, et eller annet av Thomas Bernhard og novellene til Johan Borgen. Jeg har også dårlig samvittighet for aldri å ha lest noe av Kjartan Fløgstad eller Ragnar Hovland.