4. mai 2009

Ein myteomspunnen forfattar

"Jeg tok visst for meget," skal Ragnhild Jølsen ha sagt, då ho segna om heime på Enebakk i slutten av januar 1908, etter å ha innteke ein for stor dose sovepulver.

Ho var då 33 år gammal og eit betydeleg namn i norsk litteratur.
Diktinga til Ragnhild Jølsen var uredd. Ikkje oppteken av det som tradisjonelt var sett som kvinnelege tema eller skrivemåtar, men rå, utfordrande, psykologisk, maskulin i sin tilnærmingsmåte, men likevel djupt forankra i kvinna og kvinnas doble natur.

Då Jølsens første roman, Ve´s mor, kom ut i 1903, stilte kritikarane seg skeptiske til at dette var skriven av ei kvinne. Under Ragnhild Jølsens skjørter befinner det seg nok en mann, skreiv ein kritikar. Men det gjorde det ikkje.

Ragnhild Jølsen levde eit dobbelt liv. I periodar levde ho bohemlivet, vanka i kunstnarkrinsar i Kristiania, København eller Roma, amorøst oppvarta av forskjellige store kunstnarar og andre notoriske kvinnebedårarar, brukte truleg morfin, og var sannsynlegvis gravid utanfor ekteskapet eit par gongar, den siste då ho døydde i 1908. Men størsteparten av tida blei tilbrakt heime på Enebakk og det var her ho skreiv bøkene sine og fann inspirasjon.

Far til Ragnhild Jølsen, Holm Jølsen, var ein av de tidlege, norske industripionerane og dreiv Noregs tredje største fyrstikkfabrikk i Ekebergdalen. Fabrikken blei utsatt for fleire brannar, og Jølsen bygde seg gong på gong opp igjen, men måtte til sist gi tapt. I 1889, da Ragnhild Jølsen var 14 år gammal, braut familien opp frå garden som hadde vore i slektas eige i 300 år, og reiste til hovudstaden. Her tok den unge Ragnhild timar i skulptur.

I 1896 flytta familien tilbake til Enebakk, og møtte der påkjenninga av ein slektsgard i forfall. Det var no ho byrja skrive. Men i 1904 blei garden seld og foreldra døydde med kort tids mellomrom. Jølsen dreiv rovdrift på eigne krefter og skapte i løpet av ein femårsperiode dei fire romanane og novellesamlinga ho er kjent for.

Jølsen levde og skreiv i brytninga mellom det gamle bygdesamfunnet og det moderne industrisamfunnet. Handlinga i bøkene utspeler seg ofte i grenselandet mellom draum og røynd og har preg av det mytopoetiske. Forholdet mellom slekt og individ er eit sentralt tema. Bøkene handlar ofte om sterke kvinner og feige og svake menn, noko fleire kvinner skreiv om i denne perioden.

Lesesirkelen eg er med i har lese Rikka Gan, den andre romanen Jølsen gav ut. Vi skal diskutere denne om eit par dagar, og eg vil etter det kome tilbake med ein omtale av boka.

NRK nett-tv ligg ein dokumentar om Ragnhild Jølsen som nyleg gjekk på NRK og som er laga av Marianne Bjørneboe. Eg såg denne dokumentaren i går, og vil tilrå han. Ragnhild Jølsen var ei høgst uvanleg og fascinerande kvinne.

10 kommentarer:

Hilde sa...

Bra dame!

Monica sa...

Og bra innlegg! Vet du, Aina, jeg hadde ikke hørt om Ragnhild Jølsen før du nevnte henne. Nå er jeg blitt skikkelig nysgjerrig.

Bai sa...

Eg såg slutten av denne NRK-dokumentaren og fekk lyst til å lese Jølsen. Når eg har lese dette fekk eg endå meir lyst til å lese henne. Ventar spent på omtalen av Rikka Gan.

Dipsolitteraten sa...

Bra innlegg og flott at du la inn kobling til NRK-dokumentaren.
Verdt å nevne, er også Jens Bjørneboes bok "Drømmen og hjulet".

Aina sa...

Kjekt at de fekk noko utav innlegget! Eg kjem nærare tilbake til Rikka Gan og også Drømmen og hjulet om nokre dagar.

caterina sa...

morsomt å lese dette innlegget nå som jeg akkurat har begynt på ve's mor. i sin samtid, var jølsen noen helt utenom det vanlige. at hennes debut ble karakteriskert som bra dersom det stod en mann bak "pseudonymet", er både komisk og tragisk, men viser med all tydelighet hvilken plass kvinnen var tildelt blant samfunnets betydeligheter.
rett og slett et knakende bra innlegg!

Aina sa...

Takk for det. Det er lett å skrive om slikt ein er fascinert av.

~SerendipityCat~ sa...

Jeg husker så godt at jeg både fant Bjørneboes "Drømmen og hjulet" om Jølsens liv, og "Rikka Gan" i bokhylla hos mormor. De to har jeg lest vekselsvis frem og tilbake mange ganger, og de er like fascinerende hver gang.

Aina sa...

Så fint! Du har ei litterær mormor, skjøner eg.

disa sa...

伊莉,伊莉討論區,伊莉論壇,sogo論壇,台灣論壇,plus論壇,plus,痴漢論壇,維克斯論壇,情色論壇,性愛,性感影片,校園正妹牆,正妹,AV,AV女優,SEX,走光,a片,a片免費看,A漫,h漫,成人漫畫,免費A片,色情網站,色情遊戲,情色文學,麗的色遊戲,色情,色情影片,同志色教館,色色網,色遊戲,自拍,本土自拍,kk俱樂部,後宮電影院,後宮電影,85cc免費影城,85cc免費影片,免費影片,免費小遊戲,免費遊戲,小遊戲,遊戲,好玩遊戲,好玩遊戲區,A片,情趣用品,遊戲區,史萊姆好玩遊戲,史萊姆,遊戲基地,線上遊戲,色情遊戲,遊戲口袋,我的遊戲口袋,小遊戲區,手機遊戲,貼圖,A片下載,成人影城,愛情公寓,情色貼圖,情色,色情網站,色情遊戲,色情小說,情色文學,色情,aio交友愛情館,色情影片,臺灣情色網,寄情築園小遊戲,情色論壇,嘟嘟情人色網,情色視訊,愛情小說,言情小說,一葉情貼圖片區