6. april 2009

Påskevår

Første påskekrim er utlesen.
Og saman med mi sju år gamle niese er den første buketten påskeliljer plukka, den første kappsprangturen fullført, den første fjøreturen teken, den første steinkastinga i sjøen ferdigstilt, det første eventyret lese, og vi har fletta kvarandre sitt hår og teikna og snakka og klemt og spelt piano.
Ho har mista ei fortann. Og eg har byrja på den andre påskekrimen.
Ferien er i gang.

2 kommentarer:

Ståle sa...

Høres ut som du lider deg gjennom påskeferien din, ja. Eller kanskje ikke... ;-)
Fortsatt god påske til deg og niesen!

Aina Basso sa...

Sjølv takk!